Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Opning av fotballbanene

Klikk for stort bileteFotball og andre idrettar med «begrensa fysisk kontakt» for barn og unge frå 0-20 år er tillatt frå 1. juni. Fotballbanene i Høyanger kommune er opne. Garderobane er framleis stengde.

Det er kun tillatt med trening-ikkje kamp. Dette handlar om at ein ikkje ønskjer forflytning av folk frå ein stad til ein annan. Klubbkampar derimot er tillatt.

Det er god kontroll på smittesituasjonen, og barn og unge skal prioriterast i høve aktivitet.

Grunnleggande smittevernreglar gjeld fortsatt:

-Vask hendene.
-Du skal ikkje gå på trening dersom du er sjuk. Da held du deg heime.