Oppdatering adresseprosjektet

Morgonstemning  - Klikk for stort bilete

 

Staus på adresseprosjektet:

 

Offisielle adresser:

Det har vore ein del tekniske utfordringar med programvaren når det gjeld å registrere adressene i matrikkelen. Vi håpar at desse er klare iløpet av mars månad.

Oppsett av gateskilt:

 

Oppsett av gateskilt starta måndag den 19. Februar 2018. Høyanger kommune har nytta seg av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine forhandla innkjøpsavtalar. Leverandøren Protector-skilt AS frå Bergen er i desse dagar i gang med arbeidet å monter opp skilt langs vegane våre.

Oppsett av gateadresser og tilvisingsskilt

Det vert sett opp om lag 260 skilt. Dette fordelt på tradisjonelle gatenamnskilt og tilvisingsskilt. Sistnemnde er for bygningar som ein ikkje kan sjå frå vegen og dermed treng eit skilt der dette er naudsynt. Leverandør vil sette opp skilta innan ein månad. Med atterhald om vêr og snø-mengder. Kan være at Stordalen og Øverbø blir utført i ei seinare runde.

Hus-nummerskilt

Kvar enkelt grunneigar som har fått tildelt ny adresse skal sjølve sette opp nummerskilt på huset. Det er viktig at dette vert sett opp slik at et vert godt synleg.

Kontakt

GIS ansvarleg
  • Tlf: 57 71 15 36
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: