Karantene
Alle som kjem tilbake frå utanlandsreiser, skal i heimekarantene i 14 dagar, uavhengig av om dei har symptom eller ikkje. Dette har tilbakeverkande kraft rekna frå 27. februar.
Alle som er i karantene skal forhalde seg til Folkehelseinstituttet sine karantenereglar (Fhi.no.). Alle skal tilretteleggje for å kunne vere i karantene i eigen bustad. Overnattingsstadar skal tilretteleggje for å kunne ivareta gjestar i karantene. Arbeidsgjevarar har ansvar for å ivareta eigne tilsette på arbeidsreise som vert sett i karantene i Høyanger kommune.
Restriksjonar ved inn- og utanlandsreiser
Helsepersonell får forbod mot å reise til utlandet. Forbodet gjeld i fyrste omgang ut april 2020.
Alle vert oppmoda om å unngå inn- og utanlandsreiser som ikkje er strengt naudsynte. Unngå andre stadar der du lett kjem nær andre, unngå nærkontakt med andre.
Stenging av stader med sårbare grupper
Sjukeheimane og omsorgsbustadane vert stengt for besøkande. Besøk er kun etter avtale med institusjonsleiar/einingsleiar. Det er kun tilsette med kort og tilgang som kjem inn i einingane.
Stenging av skular og barnehagar
Alle skular og barnehagar i Høyanger kommune er stengt.
Helsepersonell og nøkkelpersonar sine barn møter i barnehage som vanleg, barn i 1.-4. klasse møter på skulen som vanleg.
Stenging av verksemder i serveringsbransjen
Resturantar, bar, pub og uteliv stengast.
Unntak gjeld kantiner og etestader som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst ein meters avstand, og skal følgje Mattilsynet sine reglar. Buffet er forbode.
Forbod mot/stenging av:
Kulturarrangement, symjehallar, innan- og utandørs Idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet, treningssenter og verksemder som tilbyr frisør, hudpleie, massasje, kroppspleie og tatovering og liknande.
Høyanger kommune har pr 16. mars stengt følgjande kommunale bygg:
- Høyanger Rådhus
- NAV Høyanger
- Høyangerbadet
- Høyangerhallen
- Høyanger Kino
- Lavik Symjehall
- Ungdomsklubbar i kommunen
- Høyanger Samfunnshus
- Eldresenteret
- Sjukeheimar
- Omsorgsbustader
- Biblioteka i Lavik og på Sørsida
Kollektivreiser
Unngå offentleg transport, eller andre stader der du lett kan kome nær andre, og nærkontakt med andre.
Dei som må nytte kollektivtransport, skal vere særleg merksame på å følgje dei personlege hygienerestriksjonane, og ta særleg omsyn til sine medreisande.
Personleg hygiene
Alle som oppheld seg i Høyanger kommune skal ivareta god og forsvarleg hand-, hoste- og nysehygiene. Handhelsing, klemming og anna nærkontakt skal avgrensast. Alle føresette og vaksne med ansvar for andre bør jamleg rettleie om personlege hygienetiltak.
Meir informasjon
Brot av Smittevernlova kan straffast med bot eller fengsel,
jfr. §8-1. Friske personar kan rette spørsmål om korona i Høyanger kommune til informasjonstelefonen for korona på telefon 99 21 93 98 kvardagar mellom kl. 10:00-13:00, eller på nasjonal informasjonstelefon: 815 55 015.
Personar som mistenkjer smitte eller er sjuke skal ta kontakt med legekontoret på tlf. 577 13 900 på kvardagar, utanom opningstid 116 117. Sjå elles Folkehelseinstituttet si heimeside: FHI.no.