Pneumokokkvaksine

canca.com Vi tilbyr pneumokokkvaksine gratis til personar som er 65 år eller eldre, og til grupper med immunsvikt eller kroniske sjukdommar. 

Time til vaksinering kan bestillast på kommunen sin vaksinetelefon 992 19 398 torsdagar og fredagar mellom kl 10-14.

Vaksinasjon med pneumovax/pneumokokkvaksinen kan gjerast kvart 10. år eller kvart 5. år dersom dette er anbefalt av lege.

Vaksinen er gratis.

OBS: Pneumovaxdosene har kort holdbarheit, til 16. juni 2022 - og vaksinering vil difor føregå dei neste vekene.

Du kan lese meir om pneumokokkvaksine her