Råd om vatning i hagen

Det vil kunne oppstå kapasitetsproblem på ein del vassverk i periodar med behov for hagevatning. Når mange abonnentar bruker mykje vatn samtidig, blir dessuten trykket lågare, noko som i første omgang vil råke busetnad i høgareliggande område.

Høyanger kommune vil normalt annonsere i avisa, samt varsle vis SMS dersom det blir innført vatningsrestriksjonar.

Her er nokre råd som kan bidra til lågare vassforbruk til hagevatning;

  • Pass på at utandørs kraner ikkje står og lekker.
  • Prioriter vatning av blomster og busker framføre plenen dersom det blir nøvdvendig å avgrense vatning.
  • Ta vare på regnvatn i t.d. ei tønne og bruk det til å vatne blomster.
  • Vatn helst om kvelden. Om du vatnar i solskinn fordampar det meste av vatnet.
  • Juster opp knivane på grasklipparen slik at graset ikkje blir klipt for langt ned. Da tåler det betre sol og tørke og blir ikkje så fort tørt/brunt.
  • Det er viktig at plenen din får nok vatn når du vatnar. Såkalla skvettvatning fører til grunt rotsystem og tørkesvak plen. Eldre plenar på djup jord klarer seg med ei rotbløyte kvar 14. dag. Ei rotbløyte vil sei 2-3 cm vatn. Om du set ein boks eller liknande på plenen kan du lett finne ut når plenen har fått nok vatn.
  • Ved brannutrykning i eige område; Stopp hagevatning slik at det blir nok vatn til slokkearbeidet.

Kjelde; Norsk Vann