Rehabilitering Vadheimstunnelen

Det skal byggast ny havarinisje i tunnel  og nisje for teknisk bygg. Det blir nytt lysanlegg, nye nødstasjonar/telefoner, auka viftekapasitet , ny vann og frostsikring, fjellsikring, ny spylevannsledningsnett  og ny asfalt.

Arbeidet starter opp den 11.03.19  og skal vare ut 2020. Det kan bli endringer i stenge og kolonnetider alt etter type arbeid og framdrift. Evt. endringar vil bli annonsert etter kvart.
 

Pr dags dato har vi følgande  stenge og kolonnetidertider:
 

11 mars til 22 mars

Det vil pågå kartlegging og førebuingsarbeid.
Fv 55 Vadheimstunnelen vil frå måndag-fredag vere kolonnekjørt  mellom  kl 0800-2100, med inntil 20 min ventetid.
 

25 mars  startar arbeid med sprengning, riving  og sikring.

Tunnel vil då vere kolonnekjørt søndag til laurdag i tidsrommet 1800- 0600.
Frå  kl 1800-2200 vil det vere inntil 45 min ventetid, Bussar slepp igjennom på rutetid.
Frå kl 2200-0600 vil tunnel vere stengt inntil 3t. det vil vere kolonnekjøring på rutetider for bussar.
I tidrommet kl 0600-1800 er tunnel åpen for fri ferdsle men kan i periodar med innsnevra vegbane vere styrt med trafikklys.

Evt endringar vil bli annonsert.

Sjå og info på www.175.no