Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Retningsliner for heimekarantene og isolasjon

Klikk for stort bileteFor informasjon om kven som skal i heimekarantene sjå vedtak om smitteavgrensing i Høyanger kommune 15.03.2020

Nærkontakt med  person som har fått påvist covid-19 skal også være i heimekarantene 14 dagar.

Heimekarantene skal brukast når du er frisk, men har vore utsett for smitterisiko. Familiemedlemar til ein som er i heimekarantene, skal ikkje automatisk i karantene (vurderast som låg smitterisiko - MEN HUGS GODE HYGIENETILTAK HEIME!).

Heimekarantene omfattar: 

  • å vere heime og ikkje ha kontakt med andre enn dei du bur saman med!
  • ikkje gå på jobb eller skule
  • unngå reiser
  • ikkje ta offentleg transport
  • unngå andre stader der ein lett kjem nær andre (unngå å gå i matvarebutikken! )
  • unngå nær kontakt med andre

Altså: ein kan gå ut av eigen heim td på tur, men skal unngå nærkontakt med andre.

Gode råd til personer som er i heimekarantene:  les her på fhi.no.

Kven skal i isolering?

Har du klar mistanke om/ventar på svar etter testing/stadfesta koronasmitte, skal du isolerast heime (strengare enn karantene).

Heimeisolering omfattar: å vere heime, isolert frå andre menneske, og ikkje ha tett kontakt med dei du bur saman med (sove på eiget rom, bruke eige bad, ikkje ete ilag med dei andre i huset). Du skal ikkje gå på butikken.

Hustandsmedlem som bur saman med sjuk person med koronavirus eller personar som er testa for koronaviruset reknast som nærkontakt og har heimekarantene.

Gode råd til personer som er i heimeisolering: les her på fhi.no.

Følg med på symptom

Blir du sjuk med symptom som hoste, halsbetennelse, kortpusta eller feber i denne perioden og mistenker koronavirus eller har vore i nærkontakt med ein person med påvist covid-19 og får symptom, kontakt legekontor eller legevakt.

Kommunen har oppretta informasjonstelefon

Har du spørsmål kan du ringe ein av kommunen sin informasjonstelefon om koronavirus:

992 19 398 mellom kl. 10:00 til kl. 13:00 på kvardagar.

 

Testing

Høyanger legekontor får ein del henvendingar frå friske innbyggjarar som ynskjer å bli testa. Legekontoret testar kun personar som stetter krava til kven som skal testast, sjå dei her.

Testing av friske personar gjev falsk tryggleik. Du kan vere smitta sjølv om testen er negativ. Dersom du får symptom på akutt innsetjande luftvegsinfeksjon skal du ringe 577 13 900 Høyanger legekontor eller legevakt 116 117. Sjølv om du har testa negativt, er det viktig at du held på karantenetida i 14 heile dagar.

Nasjonale føringar vert stadig oppdatert og fornya. Vi ber alle om å følgje med på Høyanger kommune si heimeside, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet sine heimesider.