SANKTHANS-/JONSOKBÅL

Frå 15. april til 15. september er det forbode å tenne bål i eller i nærleik av skogmark utan løyve frå kommunen. Men i samband med sankthans-/jonsokbål den 23.06 gis det høve til å brenne bål i Høyanger kommune – etter følgjande retningslinjer:

Ein vaksen person skal vere ansvarleg og tilstades ved bålbrenninga. Namnet på vedkomande (og mobilnr.) må meldast inn til Høyanger kommune v/Plan og utvikling tlf. nr.  57711535, seinast 22.06. kl. 14.00.

  1. Det må hentast inn løyve frå grunneigar.
  2. Bålet må plasserast i trygg avstand frå skog, bygg og anna som kan brenne.
  3. Den ansvarshavande skal ha kontroll med bålet, sløkking og med fjerning av bålrestar.
  4. Bålet må slokkast forsvarlig med rikelige mengder vatn. Finns ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  5. All bålbrenning skjer på eige ansvar. Vert brannvesenet tilkalla, må utgiftene til utrykking betalast.
  6. Dersom værtilhøva tilseier det (f.eks. tørke/vind), så kan brannvesenet nekte bålbrenning.

Nokre råd for bygging og brenning av Jonsokbål:

  • Bålet må plasserast i trygg avstand frå skog, bygningar, vegetasjon og anna som kan brenne.
  • Bygg ikkje for stort bål, kast heller på meir ved etter kvart.
  • Sørg for at bålet vert bygd av reine treprodukt. Impregnerte materiale avgir giftige gassar ved brann. Det er ikkje tillate å brenne avfall.
  • Ta omsyn til naboar!
  • Sørg for at det er rikeleg tilgang på vatn
  • Forlat aldri eit bål som ikkje er heilt sløkt. Aske og glør kan fly langt av garde og antenne skog og bygningar.