SIMAS TEK OVER RENOVASJONSKØYRINGA

SIMAS IKS har no inngått avtale med bustyret i RenoNorden-konkursen. Avtalen medfører at SIMAS tek over ansvaret for både dei tilsette og køyring av renovasjonsrutene. Me vil i morgo køyre renovasjonsruta som ikkje vart køyrd i dag, torsdag, samt renovasjonsruta fredag. Me er svært glad for at det vart ei løysing på ein rask og god måte slik at kundane ikkje vart råka av dette, seier direktør i SIMAS IKS Hallvard Thomassen. Dette betyr at dei som ikkje fekk tømt dunken i dag må la den stå eller sette den ut att! 

For ytterlegare informasjon kontakt:

Hallvard Thomassen 57 65 70 71/99 57 81 18

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 21.09.2017 av Synne Vefring
Eksterne lenker
 
 
Login for redigering