Koronavirus - Covid 19

Status pr 04.12.2020: 5 påvist smitta, alle frå same husstand og dei sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Skulestart 5.-10. klasse måndag 11. mai

Klikk for stort bileteSkulane i kommunen er ulike når det gjeld storleik og kapasitet, og vil kunne handtere reglane om smittevern sjølv om alle elevane kjem tilbake. Vestland fylkeskommune har utfordringar med skysskapasitet på grunn av reglane om smittevern, og  dette kan legge føringar på skuletida til elevane. Skuletilbodet kan difor variere mellom skulane, den første veka etter oppstart. 

Kvar skule vil informere om skuletida for sine elevar.