Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Smiso skiftar namn til Nok.

Klikk for stort bileteNok. Sogn og Fjordane er eit Kompetansesenter mot seksuelle overgrep.
 

Nok. er eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Nok. er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing og undervising til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre fagpersonar. Tilbodet er gratis og inneber blant anna einesamtalar, juridisk rettleiing, konsultasjon- og rettleiing i einskildsaker og førebyggjande arbeid i våre tilhøyrande kommunar. 

Les meir om senteret og våre tilbod på www.noksognogfjordane.no

Kontaktinformasjon:
Nok. Sogn og Fjordane
Hornnesvegen 1
6809 Førde

Tlf: 57 72 10 70 / 94 89 28 23

e-post: post@noksognogfjordane.no

 

 

Ordet «nok» representerer ikkje ei forkorting, men kva senteret jobbar med. Nok. signaliserer eit tydeleg stopp-punkt og speglar sentera sin felles visjon «Ingen skal bli utsett for seksuelle overgrep». Samstundes visar namnet til målgruppa si eigenkraft og styrke. No er det Nok. markerer endring, håp og framtid i tråd med vårt slagord «Saman finn vi vegen vidare».