Sommarjobb 2019 - unge arbeidstakarar

Høyanger kommune tilbyr ungdom mellom 16 – 18 år sommarjobb i 2 veker sommaren 2019.

Kun ungdom  med heimstad Høyanger kommune kan bli tildelt sommarjobb. Utvelging skjer etter alder.

 

Søknaden må innehalde:

  •        Fødselsdato 
  •        Tidsrom ein ønskjer å arbeide 
  •        Telefonnr.

Søknadsfrist: 21.04.19

Søknad via vår elektroniske søknadsskjema eller pr. post til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger. Merk med sak 19/59.