Står du i manntalet ?

STORTINGSVALET 2017

offisiell Vallogo - Klikk for stort bilete Kunngjering om utlegging av manntalet

(vl § 2-6, § 2-7)

 

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje stemme ved stortingsvalet 11. september 2017

Du kan sjå om du står i manntalet i kommunen f.o.m. onsdag 12. juli t.o.m. valdagen 11.september.  Manntalet blir lagt ut i resepsjonen i Høyanger rådhus.

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har teke imot flyttemelding frå deg innan 30.06.2017, skal du stå i manntalet i Høyanger kommune.  Dersom flyttemeldinga blei motteken etter denne datoen, står du framleis i den kommunen du flytta ifrå.  Du kan velge om du vil stemme der på valdagen eller stemme på førehand. Tid og stad for førehandsstemming vil bli kunngjort særskilt.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret.  Klagen skal vere skriftleg, må vere grunngjeven, og skal sendast til:

  • Høyanger valstyre, postboks 159, 6991 Høyanger.

Meir informasjon om Stortingsvalet 2017 finn du på kommunen si heimeside www.hoyanger.kommune.no

 

Petter Sortland

Leiar i valstyre 

 

Publisert av Ingrid Fureli. Sist endra 12.07.2017 av Ingrid Fureli
 
 
Login for redigering