Koronavirus - Covid 19

Status, pr 22.10.2020: 1 påvist smitta, som er knytta til Havyard i Hyllestad. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Tenk igjennom dette før du kjem på legekontoret

Klikk for stort bilete

 

Før du møter opp til time hjå fastlegen din eller vakthavande lege må du ha tenkt igjennom følgjande:


 

- Har du per no symptom som feber, vond hals, hoste, tung pust, snørrete og/eller tett nase, 
  redusert smak- og/eller luktesans?
- Er du i karantene på grunn av reise eller nærkontakt med ein person som er smitta med
  koronaviruset?
- Har du fått påvist koronasmitte eller ventar du på prøvesvar?
- Har du forkjølelsessymptom og har testa negativt for korona?

 

Dersom du kan svare ja på eitt av desse spørsmåla skal du ikkje møte opp til ein avtalt time ved legekontoret, du skal heller ikkje møte opp for ulike prøvetakingar eller for å bestille time. Ta kontakt med legekontoret på tlf. 57713900. Du vil då få vidare råd om korleis du skal få gjennomført timen din, samt vurdert helsetilstanden din.


Ønskjer du å bestille test for Covid-19 ta kontakt med legekontoret på telefon 57713900 måndag -fredag. Du vil då verte sett opp til testing og få informasjon om kvar du skal møte for å få utført testen. Du skal IKKJE møte på legekontoret for testing.

Har du koronaspørsmål som ikkje omhandlar helsetilstanden din kan du ta kontakt på kommunen sin koronatelefon 992 19 398 måndag – torsdag frå kl. 10:00 til 12:00. Eller henvende deg til den nasjonale koronatelefonen 815 55 015.