Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

TT ordninga - Transportordning for menneske med nedsett funksjonsevne

Klikk for stort bileteFylkestinget i Vestland fatta den 16.12.2020 vedtak om å innføre ei ny felles forskrift for transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne i Vestland (Tilrettelagt Transport-ordning=TT-ordninga). Den nye forskrifta trer i kraft 1.1.2021.

Frå same dato vert Retningslinjer for tilrettelagt transport i Sogn og Fjordane av 1. januar 2018, og forskrift om Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland av 1. juli 2018, oppheva.

Ei av endringane i forskrifta er at det er administrasjonen i fylkeskommunen som skal handsame alle søknadar frå heile fylket.

 

TT-telefonen er 55 23 93 63 
Telefontid er 09.00-11.00

Vestland fylkeskommune si side om TT-ordninga

Har du sendt søknad før 01.01.2021 som ikkje er handsama, treng du ikkje søke på nytt, søknaden vil bli oversendt fylkeskommunen for handsaming.