Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Unntak frå besøksforbod i sjukeheim/omsorgsbustad

I tillegg til utandørs besøk opnar Høyanger kommune opp for besøk i sjukeheim/omsorgboligar på anviste besøksrom.

Pårørande kan ta kontakt med sjukeheim/omsorgsbustader for nærare avtale.

Under covid-19 pandemien har det vore innført adgangskontroll og allmenn besøksstopp i alle offentlege og private helse- og omsorgsinstitusjonar og fellesareal i omsorgsbustader i landet.

Tiltaka har vore innført for å beskytte sårbare pasientar. Samtidig kan fråvær av besøk medføre stor lidingar for pasientar og pårørande.

Det er difor behov for ei vurdering av korleis vi kan ivareta livskvaliteten til desse gruppene, herunder sikre høve for aktivisering og sosial kontakt, både generelt og med pårørande spesielt, på kort og på lengre sikt. Det er viktig å finne gode løysingar som ivaretek både smittevern i helse- og omsorgsinstitusjonar og pasientane, brukarane og deira pårørande.