Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Varsel om oppstart av reguleringsplan i ortnevik i Høyanger kommune, samt forslag til planprogram

Med heimel i plan og bygningsloven §§12-3 og 12-8 vert det med dette varsla oppstart av detaljregulering for gbnr. 4/ og 4/45 i Ortnevik.

Klikk for stort bilete  

Forslagsstiller; Sogn Aqua AS

Planområdet; Planområdet er på 38,1 daa og merka med raud linje på kartutsnitt ovanfor. Planområdet ligg i Ortnevik og råkar Sogn Aquas eksisterande anlegg, jordbrukeigedommar og veganlegg.

Føremål; Hovudføremål med planarbeidet er å leggje til rette for utviding av dagens oppdrettsanlegg og lagerbygg/næringsbygg for Sogn tre.

Merknadar til oppstartsmeldinga; merknadar og opplysningar som kan ha interesse for planarbeidet skal sendast innan 5. august 2020 til; Sweco Norge AS v/Wilhelm Holst Skar, Fantoftvegen 14p, 5072 Bergen. merknadar kan også sendast på e-post; wilhelm.skar@sweco.no. Spørsmål verørande plan kan rettast til same stad, ev. på telefon 55 27 50 00.

Merknadar skal merkast med "Ortnevik".