Varsel om planoppstart - detaljregulering for bustadfelt Ikjefjord

Det vert med dette kunngjort start av reguleringsarbeid, jf. plan- og bygningslova §§12-3 og 12-8. Planområdet ligg i Ikjefjord på Høyanger sørside og omfattar gbnr. 109/6, 110/7 (på begge sider av fylkesvegen), 111/3, 111/4 og 112/4 der Høyanger kommune er eigar. I tillegg inngår noko tilgrensande areal, særleg i sør og aust.

Ikjefjord 1 - Klikk for stort bilete

Avgrensinga av det varsla planområdet er synt på kartskissa nedom. Eksisterande gravplass (grøn firkant oppe til høgre) går inn i planområdet, sameleis to eksisterande hytter nede til høgre i planområdet.

Planavgrensing bustadfelt Ikjefjord 1 - Klikk for stort bilete

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadbygging mm. (i samsvar med kommuneplanen sin arealdel) og i tillegg tiltak i strandsona. Det er vidare aktuelt å leggje til rette for nye fritidsbustader i nærleiken av eksisterande hytter. Elles omfattar planområdet tilgrensande areal for å få til samordning av arealbruk, vegløysingar mm. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadbygging mm. (i samsvar med kommuneplanen sin arealdel) og i tillegg tiltak i strandsona. Det er vidare aktuelt å leggje til rette for nye fritidsbustader i nærleiken av eksisterande hytter. Elles omfattar planområdet tilgrensande areal for å få til samordning av arealbruk, vegløysingar mm.

Det ligg føre skredvurdering, som tilseier at området er trygt i samsvar med krava i TEK-17.

Det vert lagt til grunn at planarbeidet ikkje gjev krav om KU eller planprogram.

Kjende databasar er sjekka med tanke på naturverdiar og kulturminne, og det er i desse ikkje registrert verdiar som tilseier at det vil vera krav om planprogram.

Vurdert frå flyfoto, kan det vera potensiale i området for viktig natur i planområdet (slåttemark/naturbeite eller fattig edellauvskog). I tillegg vil den gamle gravplassen klart kunna ha kulturhistorisk verdi. Vår vurdering er at desse tilhøva i seg sjølv ikkje gjev grunnlag for å krevje planprogram.

Ev. krav om KU er knytt til  §§ 6 og 8 i forskrift om konsekvensutgreiingar. Kravet gjeld for planar som omfattar tiltak i h.v. vedlegg I og II i forskrifta, og vi kan ikkje sjå at planen omfattar slike tiltak. Som det går fram over, er det heller ikkje fare for at planen/tiltaket kan gje vesentlege verknader i ein grad som gjev KU-krav, jf.§10 i forskrifta.

Til ovannemnde kjem at den aktuelle reguleringsplanen for Ikjefjord i stor grad er i samsvar med gjeldande kommuneplan, arealdelen, sjå nedom.

Kommuneplan Ikjefjord 1 - Klikk for stort bilete

Nærare opplysningar om planarbeidet kan ein få hjå Høyanger kommune.

Innspel/merknader til planarbeidet kan sendast innan 06.08.18 til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger, eventuelt e-post postmottak@hoyanger.kommune.no