Varsel om planoppstart og høyring av planprogram

Kommunestyre vedtok i møte 15.06.2017 i sak 036/17 og 14.09.2017 i sak nr 043/17 oppstart av planarbeid, samt offentleg ettersyn av framlegg til planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel jf. plan og bygningslova §§ 11-12 og 11-13.

 

Kommuneplanens samfunnsdel er eit strategisk verktøy for å planleggje heilskapleg og langsiktig for heile kommunen, både som organisasjon og for kommunesamfunnet. Den skal omhandle langsiktige utfordringar, mål og strategiar og skal vidare vere grunnlag for dei ulike sektorane sine planar og drift. Det er i kommuneplanens samfunnsdel at kommunen sine satsingsområde blir definert, og dei overordna måla og føringane blir stadfesta.

Framlegg til planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel viser føremålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegget for medverknad, skildring av tema i planen og kva utgreiingar som er naudsynte.

Frist for å komme med innspel og merknadar til planoppstart og planprogram er 13.november, og skal sendast Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger, ev. postmottak@hoyanger.kommune.no.

Relevante dokument finn du her

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 22.09.2017 av Synne Vefring
 
 
Login for redigering