Varsel om planoppstart

Høyanger kommune varslar med dette oppstart av detaljregulering av eit område i Vadheim sentrum vest. Vedteken arealdel i kommuneplanen av 2016 vert lagt til grunn for planarbeidet.

Planområdet er om lag 10 daa. Arealet er avsett til sentrumsføremål, men arealbruk no er i hovudsak strandline, marinaanlegg, bustadhus og landbruk. Mål med planen er å regulere området slik at ein føl intensjonane som ligg i stadanalysa for Vadheim, datert 30.06.2000. Dei aktuelle tiltaka vil vere i samsvar med vedteken araldel.

Planområdet er vist på kartutsnitt under.

Innspel til planen kan sendast til Høyanger kommune, Pb 159, 6991 Høyanger, eventuelt på e-post til postmottak@hoyanger.kommune.no innan 08. april 2019.