Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Varsel om utvida planområde til oppstart av arbeid med Vadheim akvapark

Klikk for stort bilete Det vert med dette varsla om ei utviding av planområde for Vadheim akvapark, jf. §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova. Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Vadheim akvapark AS.

Oppstart av planarbeidet vart fyrste gong varsla 09.07.2018.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for landbasert oppdrettsanlegg med tilhøyrande anlegg sør for fv. 55, samt fylle ut i sjø der eksisterande småbåthamn er etablert, samt vidare vestover. Eksisterande bygningar og konstruksjonar vil bli rivne for å føre opp nye bygg. Nord for fv. 55 er det tenkt å etablere smoltoppdrett og settefiskanlegg.

Utvidinga av planområdet skjer med bakgrunn i ny kunnskap knytt til skredfare, samt ønskje om tilrettelegging for mjuke trafikkantar. Mot aust er området utvida for å sikre naudsynt areal for skredtrygging. Mot nord er området utvida noko for å få plass til gang- og sykkelveg på austsida av Kråkelva/nordsida av fylkesvegen, fram til avkøyringa mot Kråkevika.

Justeringa av planavgrensinga kjem fram av raud stipla linje i kartutsnittet.

Vi vurderer at denne justeringa av planavgrensinga ikkje påverkar saksfeltet til offentlege mynder, på eit slikt vis at det ville resultert i ein annan uttale frå desse, til varsel om oppstart.

Eventuelle merknadar til denne planjusteringa (både frå grunneigarar og/eller offentlege mynder, ber vi om å få i hende innan 12.07.2020.

Vi ber om at du sender ev. merknad til: cornelis.erstad@norconsult.com