Varsling

Høyanger kommune har teke i bruk varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggarar i eit geografisk område om hendingar via SMS. Vi varslar på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og mogeleg e-post etterkvart.

Når blir systemet brukt?
Kommunen informerer nå innbyggjarane digitalt via SMS/talemelding/etterkvart e-post ved hendingar der det er hensiktsmessig. Dette kan vere ved vassavstenging, stengte vegar, evakuering og andre høve som krev rask informasjon.

Kan vi nå deg?
Det fins to ulike registre som nyttast for å nå deg som innbyggar;

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon I dette nasjonale kontaktregisteret anbefalar vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i framtida.
  2. www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister som du nyttar, om du ønskjer å motta varsel, for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på. Det er viktig for leigetakarar å registrere seg på leigebustadadressa.

Bedrifter
Bedrifter må registere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no. Du kan registrere så mange nummer du vil per adresse.

For meir informasjon sjå "Ofte stilte spørsmål"  (PDF, 16 kB).