Vil du bidra?

Høyanger kommune ønskjer no velkomen til donasjon av brukte klede. Dei innsamla kleda vil i første omgang bli delte ut til våre nyankomne flyktningar.  

Bilete av familie i vinterlandskap. Tekst på bilete: Vil du bidra, donasjon av klede.  - Klikk for stort bilete Illustrasjon av Høyanger kommune.

Kva vi søkjer
• Brukte klede i god stand
• Klede i alle storleikar
• Særleg interessant er yttertøy og barneklede

Korleis donere
Frå og med 8. desember kan du levere klede i brukt-butikken på fredagar mellom kl. 10.00 og 14.00.
Obs! Ein kan ikkje levere klede til bruktbutikken på andre tidspunkt! 

Viktig informasjon:
• Ver vennleg å lever klede som er heile og reine
• Vi tek ikkje imot utslitte og øydelagde klede
 

Takk for dit bidrag til eit varmt og inkluderande lokalsamfunn.
For spørsmål eller meir informasjon, ta kontakt med Frida eller Rønnaug. 

Frida, tlf: 992 19 406 eller e-post: frida.johanne.valsvik.offerdal@hoyanger.kommune.no
Rønnaug, tlf: 993 21 322, eller e-post: ronnaug.meek@hoyanger.kommune.no