Vil du ha 4. dose koronavaksine?
FHI tilrår 4. dose coronavaksine til personar frå fylte 65 år og personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for eit alvorleg sjukdomsforløp av Covid-19.
4. dose kan tidlegast gjevast fire månader etter 3. dose. Dersom du har tre dosar koronavaksine og gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste fire månadane treng du ikkje dose fire.
Det vert sendt ut melding til aktuelle personar der ein kan booke time til vaksinering. Dersom du er i målgruppa, òg ikkje har fått tilbod om vaksine kan du ta kontakt på vaksinetelefon for registrering.
I veke 32 er vaksinetelefonen, tlf 992 19 398, open onsdag - fredag kl. 10:00-12:00
I Høyanger kommune er det fastsett følgande vaksinedagar:
• Høyanger: Torsdag 18. aug, torsdag 25. aug. og torsdag 1. sep.
• Lavik: Onsdag 17. aug.
• Sørsida: Onsdag 23. aug.
Publisert 28.06.2022 09.25
Sist endra 11.08.2022 11.39