Høyanger Industristadmuseum

Klikk for stort bilete

I Høyanger Industristadmuseum kan du sjå utstilling, tekst og bilete, og bli kjent med industri- og arbeiderhistoria i Høyanger. Her kan du oppleve korleis ei isolert jordbruksbygd vart til ein moderne, velregulert industristad.

Høyanger Industristadmuseum

I tillegg til dei faste utstillingane, er museet base for fotoregistreringsarbeid og fotoutstillingar. I museet si kinoavdeling kan du sjå historiske filmar frå Høyanger. Museet er og dokumentasjonsstad for eldre gjenstandar knytt til kommunen si historie, og tek imot materiale frå publikum til oppbevaring og dokumentasjon.

Undervisningsopplegg:
Rolf Losnegård og Ingrid Hansen har utarbeidd eit vandreteater på museet - Rolig, Peken rolig nå!

Gjennom dialogen med Peken, ein oppdikta person, og direktør Kloumann, som verkeleg var direktør på verket i ein lang periode, vert ein teken med på ei vandring gjennom museet. Du vert kjent med utviklinga av industristaden, arbeidarkamp, kameratskap og levekår.Tilpassa grupper på ca 15 personar og frå 4. klasse og oppover.

Skodespelarar:
Karstein Larsen - Peken
Rune Strandos - Kloumann

Det er også utarbeidd eit undervisningshefte til museet tilpassa besøksgrupper frå 6. klasse og oppover.


Ta kontakt med museet om de ønskjer å bestille teater eller få undervisningshefte tilsendt.

Opningstider:
Etter avtale med Høyanger kommune

Kontaktinformasjon:
Høyanger Inddustristadmuseum
Postboks 159,
6991 Høyanger
tlf.57711500

epost: postmottak@hoyanger.kommune.no


Gratis inngang!

Sist endra 17.12.2014