Nyhende 2017
Publisert 28.04.2017
Legekontor Høyanger

Helsestasjonen i kommunen er lokalisert i Høyanger helsesenter med kontordagar i Lavik og Bjordal. Vi har helsesøsterteneste ved 6 skular (inkludert vidaregåande skule) og 6 barnehagar. Kommunen har til saman 3 stillingar som helsesøster og 70% jordmorstilling. I tillegg yter vi helsetenester til asylsøkjarar ved mottak og flyktningar busett i kommunen. Grunna pensjonsavgang har vi ledig 100% fast stilling frå august 2017. 

Publisert 28.04.2017
Bilete Sognefjord

Fjord Drift AS søker om løyve til oppdrett av laks, aure og regbogeaure på lokaliteten Floteneset i Høyanger kommune. Lokaliteten er mellombels godkjent fram til 23. september 2017, og det søkjast på bakrunn av dette klarering av lokaliteten frå denne datoen.

Publisert 25.04.2017
Returpunkt

Returpunkt for glas-og metallemballasje, samt tekstiler og sko til ombruk er flytta frå Hans Hygensgate til område mellom Høyanger rådhus og Høyanger samfunnhus (nedanfor trappa). 

Publisert 21.04.2017
Heimekompostering

For meir informasjon sjå SIMAS sine heimesider

 

 

 

Publisert 19.04.2017
Digital post

Høyanger kommune vil i løpet av mai gå over til å sende post digitalt. Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil breva kome i den digitale postkassen du har valt. Om ikkje du har valt digital postkasse vil breva kome i Altinn.

 

Publisert 19.04.2017
Kyrkjebøstølen

Fjord til Fjell pågår frå 15. april til 15. oktober 2017. Alle som går 10 (ev. 6) av dei 16 utvalde turane får ei flott t-skjorte i deltakarpremie.

Publisert 04.04.2017
Bilete Sognefjord

Osland Havbruk AS søkjer om løyve til å etablere og drive akvakultur av tare (makroalgar) på lokalitet Mjølsvik i Høyanger kommune, Sogn og Fjordane. Lokaliteten brukast i dag til oppdrett av laksefisk, og endringa omfattar bruk av ledige bur på eksisterande lokalitet til utviklingsforsøk i samband med omsøkt FoU konsesjon, samt auka arealbruk på 10 dekar til produksjon av makroalgar.

Publisert 24.03.2017
aarets_kulturkommune.jpeg

Høyanger kommune er kåra til Årets kulturkommune i Sogn og Fjordane 2017 av Norsk Kulturforum. No er Høyanger kommune kandidat til Norges kulturkommune.

Høyanger kommune har eit rikt kulturliv og eit godt utval av moglegheiter for meiningsfulle eigenaktivitetar og kulturopplevingar. I kommunen er det over 120 friviljuge lag og organisasjonar, og Høyanger kommune støttar på ulike måtar desse, i tillegg til kunstnarar, profesjonelle utøvarar, friviljuge og andre gjennom samarbeid og tilskotsmidlar.

Lag og organisasjonar heimehøyrande i Høyanger kommune har fri leige for organiserte tilbod til barn og unge i kommunale bygg. Vi spelar på lag med kvarandre, og kommunen fungerer som ein støttespelar.
Gjennom samarbeid og kreativitet bidreg kommunen til gode kulturopplevingar for befolkninga. Dette er med på å utvikle lokalsamfunnet slik at kommunen vert ein god bu- og utviklingsarena.


Høyanger kommune har søkt om status som Norges kulturkommune. Søknaden kan du lese her (PDF, 2 MB)

Publisert 24.03.2017
Futegarden Alværa

Det skal byggjast nytt grindenaust til futegarden Alværa ved Lavik, og eigarane av garden inviterer til kurs i grindebygging. Du treng ikkje ha forkunnskapar i teknikken, men bør ha litt røynsle med trearbeid og verktøybruk – spesielt øks og stemjern. Som innleiing til kurset går ein gjennom grindehuset si historie, oppbygging og utbreiing.

Kursperiode: 6.- 14. mai 2017

Kurslærar: Ove Losnegård

Kursavgift: Gratis (som inkluderer 2 måltid mat pr. dag)

Påmelding til Gaute Ljotebø i Høyanger kommune på telefon 99 59 41 57 e-post: gaute.ljotebo@hoyanger.kommune.no  innan18. april 2017.

Nærare opplysningar får du hos Gaute Ljotebø eller Ove Losnegård (tlf. 97 07 91 39).

Kurset vert gjennomført i samarbeid med Høyanger kommune.

Publisert 23.03.2017
Fjordmonster

Fredag 24.3. kl. 1800 i Høyanger Samfunnshus vert det kulturskuleframsyning. Her vert musikk og visuelle kunstfag kombinert, og det våte element er ein raud tråd både i musikkval og utstilling.

Publisert 22.03.2017
Bjordal lesevake 2 2017.jpg

I februar månad var det lesevake for 4.-7. klasse ved Bjordal skule. Elevane møtte på skulen med sovepose, og store planar om å lese heile natta.

Publisert 17.03.2017
Tursti

Fylkeskommunen har godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 211 millionar. Søknadssummen har aldri vore høgare, og i 2014 var summen på 124 millionar.

Publisert 16.03.2017
Lavikdalen framside

Høyanger kommune vil søker om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Vi vil i år søke om tilskot for Lavikdalen.

 

 

 

Publisert 14.03.2017
IMG_0099.jpg

Høyanger kommune satsar på eit reint, triveleg og trygt nærmiljø for alle. I den samanheng ønskjer vi samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, enkeltpersonar og andre som vil ta eit tak for å betre miljøet rundt oss.

Kommunen lyser difor ut tilskot til opprydding i nærmiljø, strandsona, vassdrag og andre område tilgjengeleg for ålmenta.  

Det blir ikkje gitt stønad til rydding av private område der ålmenta ikkje har tilgang, eller område og der grunneigar kan stillast ansvarleg for ureininga.

Publisert 09.03.2017
Symjestafett i Høyanger

Den organiserte idretten i Høyanger kommune kom i gang i 1917. Det heile starta med Høyanger Idrettsforening (HIF) og Falken i Høyanger. I 1957 slo dei seg saman til IL Høyang. Idrettslaget Høyang si historie, vil i jubileumsåret bli presentert ved fleire artiklar i Årbok Høyanger 2017.

 

 

 

Idrettshistoria i Høyanger er ikkje komplett før idretten i heile kommunen er representert.

Årets årbok vil bli bygd på tema: Idretten 100 år i Høyanger

Publisert 28.02.2017
Opning av nye Vaimbly,  miniputturnering

Er du engasjert i frivillig sektor? Bli med på gratis samling 1. april for å lære meir om kvar du kan sikre deg pengar, og korleis du søkjer.

Det finst ulike tilskotsordningar for ulike felt og aktivitetar innan frivillig sektor. Kommunane, fylkeskommunen, ulike stiftingar og organisasjonar sit på ulike pengesekkar, og det er ikkje alltid like lett å finne fram.

Det vil Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen no gjere noko med.

Eigen del om spelemidlane.

Laurdag 1. april inviterer dei tre til gratis samling på Thon Hotel Jølster på Skei. Målet er å orientere om kva som finst av tilskotsordningar, men også å samle flest mogleg frå frivillig sektor i fylket og skape rom for å utveksle erfaringar.

Dagen vert delt inn i to hovuddelar, der del ein er ei felles økt med informasjon om kva tilskotsordningar som finst, og korleis ein kan søkje. Deretter vert det parallellsesjonar med eigne kurs om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og idrett og spelemidlar til kulturbygg.

Du finn meir praktisk informasjon om samlinga og lenke til påmelding her.

Fristen for å melde seg på er 24. mars.

 

Publisert 23.02.2017
Barnehagebarn.jpg

Søknadsfrist for plass i barnehage og SFO er 15. mars. 
 

Publisert 21.02.2017
Lavik Karateklubb

4. Januar 2017 vart Lavik Karateklubb stifta som ein sjølvstendig karateklubb. Lavik Karate vart starta i august 2014 av Tom Peder Jakobsen, då som ei avdeling under Arne karateklubb. Leiar i klubben er Per Egil Akse.

Lavik Karateklubb er medlem av Norges Idrettsforbund, Norges kampsportsforbund og JKA Norway.

Publisert 17.02.2017
Open skule Lavik 3.jpg

Lavik skule arrangerte torsdag kveld open skule for føresette, born og besteforeldre som fekk prøve seg på alt frå strikkekonkurranse, nasjonal prøve i engelsk & rekning, brøkrekning, programmering og vandresti.

Publisert 17.02.2017
TurvegRasKvaernhaugtunellen

All bruk av vegen skjer inntil vidare på eiget ansvar. Området der raset stengde vegen er ikkje fullt ut rydda enda.

Publisert 16.02.2017
UKM-logo_stor.png

 

Det vart ingen lett jobb juryen hadde for å plukke ut innslaga som skal representere Høyanger kommune på UKM-festivalen i Høyanger  31. mars-2. april. Det var 8 sceneinnslag og 8 utstillarar i lokalmønstringa. Det var totalt 30 deltakarar, det var ein gledeleg auke i antall deltakarar.  

Publisert 15.02.2017
Asfaltering

Oppstart veke: 7/2017

 

 

 

Publisert 08.02.2017
Statsborgar.png

Frå og med 1. januar 2017 må du som søker om norsk statsborgerskap ha bestått prøve i norsk muntleg på minimum nivå A2 og ein prøve i samfunnskunnskap på norsk. Krava gjeld alle mellom 18 og 67 år.

Publisert 08.02.2017
Norskprøve.png

Det blir ekstraordinær prøveavvikling for nivå A1/A2 i veke 11 - mars 2017. Ekstra avvikling av norskprøve blir gjort på grunn av nye krav til søknader om permanent opphaldsløyve, for innvandrarar som har behov for å dokumentere norskkunnskapar på minimum nivå A1 før neste prøveavvikling til sommaren.

Publisert 08.02.2017
Programomslag.jpg

 

Onsdag 15. februar blir det UKM (Ung Kultur Møtes) kl. 18.00 i Høyanger Samfunnshus. Her skal ungdom frå kommunen vise fram det beste av unge kulturutrykk i området, med innslag innan song, dans, musikk, og visuell kunst. Det blir kafe i Festsalen frå 17.00.

Publisert 06.02.2017
Aktiv med Artrose

Høyanger kommune startar opp med gruppetrening for personar med artrose (slitasjegikt) i kne og/eller hofte. 

Publisert 31.01.2017
Valhall

Lokale kulturbygg har høve til å søkje om tilskot som bidreg til eigna lokale, bygningar og arenaer ute som gjev rom for ulik kulturell verksemd. 

Hausten 2016 vart retningslinjene justerte, slik at dei er noko meir utfyllande enn tidlegare.

Retningsliner

 Sparebankstiftinga opprettheld også si tilskotsordning i år.

Sparebankstiftinga

 

Publisert 31.01.2017
Sandvolleyball

Sogn og Fjordane søkjer i år om 218 millionar kroner i spelemidlar, 1981 kroner per innbyggjar. Det er meir enn nokon gong, og berre Nord-Trøndelag søkjer om meir per innbyggjar.

Lag, organisasjonar og kommunar i Sogn og Fjordane er flinke å nytte spelemiddelordninga både for å byggje og rehabilitere anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Publisert 27.01.2017
Norskopplæring.jpg

Norsksenteret tilbyr norskopplæring i Bjordal og Lavik:
Bjordal skule, tysdagar, kl 17:00 - 18:45
Lavik skule, onsdagar, kl 14:30 - 16:30

Publisert 26.01.2017
Programomslag.jpg

UKM Høyanger 15. februar 2017 i Høyanger Samfunnshus.

Publisert 13.01.2017
Første bandøving i Musikkbingen

Elevane i band frå kulturskulen hadde si første øving i musikkbingen torsdag 12. januar. Dette er første gong musikkbingen har blitt teken i bruk. Elevane var særs nøgd med fasilitetane, og ser fram til fleire øvingar i nytt lokale.

Publisert 13.01.2017
Plantevern

Norsk landbruksrådgiving Vest inviterer til autorisasjonskurs i plantevern på kommunehuset i Sogndal den 7. februar kl. 9.00. Kurset er både for de som skal fornye beviset sitt og de som skal ta kurset for første gang. Førstegangstakere må også møte på en praksisdag på Mo i Førde, den 16. februar.

 

Publisert 12.01.2017
UKM Workshops i Høyanger 13.01-15.01

 

13. til 15. januar blir det workshops på Høyanger Skule og i Musikkbingen som oppkjøring til UKM 15. februar.  

Publisert 04.01.2017
Leikeplass

Vi har endra betalingssatsar for plass i barnehage og skulefritidsordning frå 1. januar 2017.

Publisert 21.12.2016
Opplæring.jpg

Norsksenteret startar tilbod om opplæring i norsk på Bjordal skule tysdagar våren 2017. Første undervisningsdag er 10. januar. Undervisninga er frå kl 17:00 til kl 18:45.

 

 

 

Publisert 16.12.2016
25 års teneste

I samband med komunestyre sitt møte 15.12.2016 blei 13 tilsette med 25-års teneste i kommunen heidra med gåvekort. Av desse var 9 tilstades på arrangementet.

 

Publisert 16.12.2016
Kristin Myren

Høyanger kommunestyre gjorde i møte 29. januar 2015 vedtak om at det skulle ytast stimuleringstilskot på kr 200 000,- til oppføring av nye bustadar i kommunen. Tilskotet vert utbetalt når det ligg føre ferdigattest.

Kristin Myren og Bård Østerbø var dei første som fekk tilsegn om slikt tilskot, og dette vart markert etter kommunestyremøte 15. desember 2016.

Publisert 16.12.2016
Kulturprisen 2016

Utval for kultur vedtok i møte 24.11.2016 å tildele Lavikdal Ungdomslag kulturprisen 2016. 

Ordførar Petter Sortland overrekte kulturprisen til Lavikdal Ungdomslag v/Terje Strandos og Brith Strandos etter kommunestyremøte torsdag 15. desember. 

Publisert 05.12.2016
Daleelva 28. juni 2011

Ved store nedbørsmengder klarer ikkje avlaupssystemet å ta unna vassmengda/kloakk og det er difor nødvendig å kjøre noko kloakk i overløp mot Daleelva. Dersom dette ikkje vert gjort risikerar ein at privatpersonar får kloakk opp i kjellarane. Løysinga er ikkje tilfredsstillande, men dei gongane dette skjer er det stor vassføring i Daleelva, og ureininga er minimal.  

Nokre få gonger kjem det kloakk i elva ved normal og liten vasstand forbi blåsene som stengjer for overløpet har sluppe gjennom avløpsvatn. I desse tilfella er Høyanger kommune heilt avhengig og svært takksam for tips frå innbyggjarane! Helgas utslepp var av denne typen, og Høyanger kommune fekk stengt overløpet på søndag.

Publisert 18.11.2016
Lavik symjebasseng

Lavik Symjehall vert stengt i perioden 22. november 2016 til 17. mars 2017 grunna rehabilitering.

Vi vonar at brukarane tek turen til Høyangerbadet i denne perioden.

Publisert 15.11.2016
Logo SIMAS

Frå 01.01.2017 vil slam- og renovasjonstenesta på Høyanger sørside verta utført og samordna med dei andre kommunane i Sogn.

I Sogn har SIMAS IKS ansvaret for den lovpålagde slam- og renovasjonstenesta. Dette omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Leikanger, Vik, Balestrand og Høyanger. Renovatørar for SIMAS er for tida Reno Norden AS på renovasjon og Johny Birkeland Transport AS på slamtenesta.

Publisert 27.10.2016
Bilete av korpset.JPG

Laurdag 22. oktober var det jubileumsfest på Lavik skule. Ei flott feiring av jubilanten, som er Lavik si store stoltheit. Korpset har 19 musikantar og 6 aspirantar, noko som lovar godt for framtida.

Publisert 20.10.2016
Vaksinering

Alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Programmet startar opp i november 2016. Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

Publisert 20.10.2016
bing_c.bmp

Det er mogleg å få dekka ein stor del av kostnaden ved rehabilitering av ballbinge gjennom spelemiddelordningar. Ein er no i siste året der ein og kan få 10 000 kr i støtte frå Sparebankstiftinga til utskifting av kunstgras i bingen.

Publisert 19.10.2016
Valhalls Venner fekk kulturprisen i 2015

Høyanger kommune kan kvart år tildele kulturpris til ein verdi av kr 10 000. Prisen kan evt. bli delt på to kandidatar. Kulturprisen kan tildelast einskildpersonar, lag/organisasjonar og grupper som har gjort ein større innsats for kulturlivet i kommunen.

Publisert 17.10.2016
Verje.jpg

Fylkesmannen har behov for fleire verjer til nye oppdrag og ønskjer å komme i kontakt med deg som har lyst til å gjere noko for andre.

Dei som treng hjelp til å ivareta sine eigne interesser, anten økonomisk eller på annan måte, kan få oppnemnt verje. Verja tek i vare interessene til personen og handlar på vegner av denne i samarbeid med den det gjeld. Vi har behov for verjer i heile fylket, men akkurat no spesielt i kommunane Årdal, Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Flora, Førde, Gloppen, Høyanger, Jølster, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Stryn og Vågsøy.

Publisert 14.10.2016
Sedrik Engebø Ullebø

Vi gratulerer Sedrik Engebø Ullebø med dagens 9. plass i VM i landevegsritt i Qatar! Sedrik stilte til start i klassen menn junior, og vart med 9. plass beste nordmann!

Publisert 12.10.2016
Norsksenter.jpg

I perioden 12.-21. oktober kan du sjølv melde deg opp til norskprøven.
Norskprøven i Høyanger vert 5. desember 2016



 

Publisert 12.10.2016
Hus

Høyanger kommune har framleis SMIL - midlar at for 2016. Dersom du er aktiv gardsbrukar (søkjer produksjonstilskot) tak gjerne kontakt med Jordbrukssjef Randi Dale for å drøfte aktuelle prosjekt.

Publisert 10.10.2016
Røde kors TV Aksjonen

Årets TV-aksjon skal redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verden – menneske ramma av krig og konflikt.

Les meir om TV-aksjonen på Røde kors sine nettsider eller på nettsidene www.blimed.no

Vil du vil bli bøsseberer kan du melde deg på her. 
 

Publisert 30.09.2016
20160929_171518.jpg

Torsdag 29. september vart Tufteparken Høyanger offisielt opna. Mykje folk hadde trassa ver og vind, og teke turen til Høyangerhallen. Ordførar Petter Sortland stod for den offisielle opninga, og han fekk hjelp av Trym Høyvik (13) med snorklippinga.

Sortland takka Sparebanken Sogn og Fjordane for tilskot til anlegget gjennom Sparebankstiftinga. May-Lisbeth Svarstad frå sparebanken og grunnleggjaren av Tufteparken, Lasse Tufte, fekk blomar og eit eksemplar kvar av allmensoga; "Vatnet, verket og byen Høyanger 100 år 1915 - 2015".

Ei spesiell takk gjekk også til TIP klassen ved Høyanger vidaregåande skule, og lærar Kai Ove Nesse. Dei tok på seg dugnadsjobben med å montere alle apparata, og har gjort ein kjempejobb. Han takka også alle dei andre som har vore med i arbeidet med å få etablert dette anlegget i Høyanger.

Publisert 28.09.2016
Spele i band

Marte Kristine N. Grønvold skal  i regi av Høyanger Kulturskule, halde kurs i bandsamspel, gitar og song denne hausten. Marte har sjølv vore elev i Høyanger kulturskule, har spelt i ulike band og samansetningar i ulike sjangrar og studerer til ein mastergrad i musikkpedagogikk – ho har mykje å lære bort, så dette gler vi oss veldig til.

Alder: frå og med 5. klassetrinn. Du treng ikkje ha nokre forkunnskapar for å delta – «har du lyst, har du lov.» Første gongen vert ein kombinasjon av oppstartsmøte, vi set saman grupper og har litt undervisning.

Kor tid: torsdag eller fredag ein gong i månaden, datoane får du fyrste gongen.

Fyrste gong: torsdag 06.10.16 kl. 1800 - 1930.

Stad: Høyanger Skule, musikkrommet.

Pris pr. halvår: kr 800  - Kom og prøv den første gongen gratis!

 

Søknadsfrist 21.oktober via heimesida til kommunen 

Publisert 28.09.2016
Olderdalen tryggleiksveka klovn.jpg

Tusen takk til alle som kom innom kafeen/standen og gjorde til at Olderdalen barnehage fekk inn kr 2700,- .

Publisert 22.09.2016
Bannøving

I samband med tryggleiksveka vart det i dag gjennomført brannøving på Kyrkjebø skule. Brannvesenet delte ut brannhjelmar og sekkar til engasjerte elevar.

 

 

 

Publisert 21.09.2016
Animasjonskurs

Daniel Longfellow skal i regi av Høyanger Kulturskule, halde kurs i animasjon med ulike teknikkar. Kanskje kjem det nokre Fjordmonster. Daniel Longfellow har si utdanning bl.a. innan animasjon og er ei kapasitet på området, så dette gler vi oss veldig til.

Kurset er for 8.-10. klassetrinn, tysdagar kl 1730 - 1900 på Høyanger vidaregåande skule.

Oppstart tysdag 27. september 2016, kurset vert avslutta med ei framsyning i Høyanger Samfunnhus fredag 24. mars 2017.

Pris for kurset er kr 1 200 + 450 i materialkostnader. Søskenmoderasjon ved fleire born eller elev ved fleire disiplinar i kulturskulen. Søknadsfrist 7. oktober via heimesida til kommunen

Kom og prøv dei to første gongane gratis! 

Publisert 20.09.2016
2011 Russtand 021

Tryggleiksveka 2016 er i gang!

Målet med denne veka er å ha tryggleik i fokus. Det er samarbeid mellom kommune, privat, næringsliv og frivillege organisasjonar. Laurdag er det torgdag med mellom anna brannvern, Røde Kors, kafe m.m.

PROGRAM (PDF, 2 MB)

 

 

Publisert 16.09.2016
Rammeplan

Høyanger kulturskule er ein av dei 51 kommunane som denne veka hadde samling med Veilederkorpset til Norsk kulturskoleråd på Gardermoen. Mykje spanande no når vi startar implementeringa av den nye rammeplanen for kulturskulane. 

Rammeplan for kulturskulane

Publisert 05.09.2016
130614 Huskonsert og utstilling 075 (Small).JPG

Kulturskulen er i gang og vi har nokre ledige plassar på:

 

 

Musikalsk forsmak 1 og 2

Visuelle kunstfag 4.-7.klasse

Alle tilboda hadde oppstart denne veka, veke 35, men her er det plass til fleire.

Kom og prøv gratis to gonger.

 

Velkommen!

Musikalsk forsmak (PDF, 3 MB)

 

Visuelle kunstfag (PDF, 727 kB)

Publisert 22.08.2016
Norsksenter.jpg

Høyanger vaksenopplæring har skifta namn til Høyanger norsksenter.
Endringa gjeld frå 1. august 2016.

 

 

Publisert 22.08.2016
Lavik skule Templane 2016.jpg

Ein flott dag med fokus på vennskap.
Torsdag 18. august hadde Lavik skule fjell- og aktivitetsdag for alle elevar. 

 

 

Publisert 10.08.2016
Høyanger vidaregåande skule

Søknadsfristen er 26. august 2016 for dei som vil søke om bortebuarstipend for skuleåret 2016/17.

Send søknaden til: Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger
eller på epost: postmottak@hoyanger.kommune.no

Publisert 08.07.2016
20160706_130042 oddvar.jpeg

Tufteparken Høyanger er no så og seie klar til bruk, og kun finpuss gjenstår.

Parken er på totalt på 380 kvadratmeter, og inneheld 10 apparat i stål laga slik at ein trenar med si eiga kroppsvekt. Ei stor oppslagstavle vil vise alle øvingane ein kan gjere i dei enkelte apparata. Trening her vil kombinere både styrke, koordinasjon og balanse.

Det er mange som no gledar seg til å ta i bruk apparata, og mange har allereie vore og testa dei ut.

Det er Lasse Tufte som er grunnleggar av konseptet Tufteparken,  og det er no om lag 80 slike parkar rundt om i landet.

Det er Høyanger kommune som står som utbyggjar av parken. I tillegg til kommunal løyving, vert parken finansiert gjennom spelemiddelordninga og tilskot på kr 250 000 frå Sparebankstiftinga.

 

 

 

Publisert 27.06.2016
Leverpostei 2.jpg

Vi i Olderdalen barnehage deltok i mai i ein teiknekonkurranse i regi av Stabburet.
Jammen var vi så heldige at vi vart trekt ut som ein av vinnerane.

Premien var pålegg frå Stabburet til ein verdi av 3000.

Publisert 07.06.2016
Buss

Høyanger kommune vart tilgodesett med kr 100 000 då Fylkeskommunen tildelte midlar til lokale transporttilbod for ungdom. Dette er kr 20 000 meir enn i fjor.

Publisert 23.05.2016
Kommunreforma

Endelege resultat frå den rådgivande folkerøystinga om kommunereforma er no klare!

 

 

 

Publisert 23.05.2016
kommunereform.jpg

Oppteljing og resultat av forhåndsrøyster Høyanger kommune 23.05.2016.

Publisert 23.05.2016
Open kulturskule 2016

Laurdag 28. mai kl 1130-1400 arrangerer Høyanger Kulturskule «Open Kulturskule» på Høyanger skule, ungdomsskulen.

Kom og sjå/opplev kva tilbod kulturskulen har i Høyanger kommune.

 

 

Program i aulaen:

Kl. 1130-1200 Huskonsert

Kl. 1300-1320 Musikalsk Forsmak – kom å bli med og få ein «smakebit» av kva vi gjer her.

 

Frå kl 1200 - 1400 vert det høve til å prøve instrument og visuelle kunstfag m.m..

Vel møtt til nye og «gamle» elevar og foreldre.

Dørene er opne!

 

Publisert 23.05.2016
Plakat brosjyre 2016

Nytt skuleår, nye moglegheiter!

No er ny oppdatert brosjyre for 2016/2017 for kulturskulen tilgjengeleg. Du vil finne brosjyra på rådhuset, i biblioteka, oppvekstkontoret, vaksenopplæringa og på skulane. Du er velkommen til å søkje kulturskulen!

Lurer du på noko er det berre å tak kontakt med kulturskulerektor Beate Kjølstad tlf.: 99219371. 

Brosjyre (PDF, 594 kB)

Publisert 19.05.2016
Entreprenørskapsmessa 2016

Elevar ved Høyanger skule fekk to av premiane på Entreprenørskapsmessa i Årdal.

 

 

 

Publisert 12.05.2016
Kommunreforma

For å røyste må du stå i manntalet i Høyanger kommune. Manntalet ligg ute i resepsjonen i Høyanger rådhus.

Publisert 29.04.2016
Fagdag hygiene Helse Førde HF 28.04.16.jpg

Sjukepleiar og hygienekontakt Oda Eide Vadheim og Maria Amalie Øverdal frå Kyrkjebø sjukeheim hadde innlegg på Fagdag smitteverns om fann stad ved Helse Førde HF 28. april 2016.

Publisert 22.04.2016
Pengar

Høyanger kommune har i 2015 eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr. 13,4 mill.

Publisert 11.04.2016
Høyanger skule

 

Høyanger og Lavik skule er trekt ut til å vere nasjonale pilotskular for koding i valfag.

Publisert 11.04.2016
Hjetland barnehage

Vi har tildelt barnehageplassar frå nytt barnehageår 2016/17.
Alle må svare elektronisk innan 17. april ved å logge inn på føresetteportalen.

Tilbod er sendt ut til oppgitt epostadresse.
Føresettportalen 

 

 

 

 

 

Publisert 22.03.2016
Eva Moberg

Over 300 personar gjekk på den raude løparen under Kulturskift 2016. Det var eit variert og minnerikt program der kultur og kulturminne var tema.

Publisert 21.03.2016
Kulturminneplan

Kommunestyret vedtok i møte 25.02.2016 Lokal kulturminneplan/strategiplan for 2016-2019.
 

Publisert 21.03.2016
Eld, Kraft, Vatn 2016

Magasinet Eld, Kraft, Vatn 2016 inneheld saker og reportasjar om smått og stort som skjer i Høyanger kommune. Les heile magasinet ved å trykke på lenka.

Publisert 07.03.2016
Idrett for alle

Sogn og Fjordane idrettskrins inviterer saman med Norges idrettsforbund til kurset;

«Korleis legge til rette fysisk aktivitet for menneske med spesielle behov?» i Førde torsdag 7. april!

Kurset rettar seg m.a. mot trenarar og andre som arbeider med, og er opptatt av, fysisk aktivitet for dei med funksjonsnedsetting.

Sjå vedlagt invitasjon eller denne linken.

 

Publisert 01.03.2016
Høyanger skule

Elevane våre i 8. klasse er ein av dei beste i landet i rekning viser resultat frå nasjonale prøvar hausten 2015.  

Publisert 29.02.2016
Byggesak

Med vising til eigedomsskattelova §§14 og 15 og takstnemnda sine vedtak om takstar (PDF, 2 MB), er eigedomsskattelista for 2016 lagt ut til offentleg gjennomsyn i 3 veker frå 01.03.2016

Publisert 26.02.2016
SOFORK

Laurdag 5. mars kl 1900 held Sogn og Fjordane Symfoniorkester (SOFORK) konsert i Høyanger Samfunnhus. 

Dette er fylket sitt einaste symfoniorkester, samansett av unge og vaksne blåsarar, strykarar og slagverkarar frå heile fylket. Dirigent er Jan Bjøranger, fiolinprofessor ved Universitetet i Stavanger.

På konserten vil du få høyre musikk frå nordiske komponistar, som: Nielsen, Berwald og Grieg m.fl..

Bill.pris: kr 120/250, kulturskuleelevar gratis sjå link for påmelding (PNG, 5 MB).

 

PLAKAT (PNG, 7 MB)

Publisert 18.02.2016
Leik

 
Søknadsfrist for plass i barnehage er 15. mars 2016, for alle som ønskjer plass frå nytt barnehageår 2016/17.
Fristen gjeld også dei som ønsker plass i skulefritidsordninga frå nytt skuleår 2016/17.

Søk her

Publisert 15.02.2016
dinutvei_no_original_gronnramme_rgb.jpg

Ein ny nasjonal nettportal gir oversikt over ulike hjelpetilbod til utsette for vald, overgrep og valdtekt. 

Publisert 11.02.2016
Høyanger bruktbutikk

Høyanger bruktbutikk vil frå neste veke vere open tysdagar og onsdagar kl. 10.00 - kl. 15.00.

Publisert 08.02.2016
UKM 2016

UKM 2016 i Høyanger nærmar seg! Mønstringa er onsdag 10. februar kl 1800 i Høyanger Samfunnshus. 

Publisert 05.02.2016
Høyanger bruktbutikk

Butikken vil i ein periode vere stengt. 

Dersom du har brukte gjenstandar du vil levere, kan du ta kontakt på telefon 99 12 14 55 måndag - fredag kl. 09:00 - kl. 15:00.

Publisert 25.01.2016
UKM 2016

Onsdag 10. februar 2016 skjer det i Høyanger Samfunnshus.

UKM – Ung Kultur Møtes  -  her kan ein delta om du er i alderen 10 - 19 år. Påmeldingsfrist søndag 31.1.16 på www.ukm.no Her finn du også meir info om kva UKM er og kva du kan delta med.

Plakat (PDF, 468 kB)

 

 

Publisert 22.01.2016

På karrieremessa ved Høyanger vidaregåande skule hadde kommunen quiz. Det var ingen som hade alt rett, men vi har likevel trekt ut to vinnarar blant dei som deltok.  

Publisert 11.01.2016
Leik

Minner om moderasjonsordning som kom i 2015:

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga
Ingen familiar skal betale meir enn seks prosent av den samla inntekta si for barnehageplass.
I 2015 gjeld det for familiar med inntekt mindre enn kr 473 000.

Gratis kjernetid
Alle 4- og 5-åringar (barn fødd i 2010 og 2011)  i familiar med inntekt mindre enn kr 405 000 pr år, rett til gratis opphaldstid i barnehagene med 20 timar pr veke.


Du kan lese meir om ordninga på sida til utdanningsdirektoratet (udir):

Lenke til udir

 

Moderasjon gjeld ikkje for matpengar.

 

Publisert 18.12.2015
Kulturpis 2015

Valhalls venner er tildelt Høyanger kommune sin kulturpris for 2015.

Publisert 10.12.2015
Ordførar Petter Sortland og Farmen Marte

Høyanger kommune gratulerar Marte Søreide med gjennomføringa av den store Farmenkonkurransen 2015!

Over 1 mill nordmenn såg Marte i finalen, og ho var slik med å setje både heimbygda si og Høyanger kommune på norgeskartet.

Publisert 03.12.2015
Økonomiplan og budsjett

Formannskapet sitt framlegg til årsbudsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019, med framlegg til sats for eigedomsskatt og fastsetting av avgifter og betalingssatsar, er lagt ut til offentleg ettersyn frå 03.12.2015, også på rådhuset og Høyanger bibliotek.

Publisert 30.11.2015
Olderdalen jul 2015 5

Olderdalen barnehage har som tradisjon å lage til juleutstilling i desember månad og fredag 27. november var det opning av julevindauge. 

Publisert 25.11.2015
Jul

I kveld onsdag 25. november opnar utstilling i Høyanger Samfunnshus med arbeid av elevane på visuelle kunstfag i kulturskulen.

Kom å sjå og opplev kva elevane har jobba med i haust! Først ut er elevane på visuelle kunstfag i Vadheim og Høyanger – mykje spennande og flotte elevarbeid som vert vist i Høyanger samfunnshus, festsalen.

 

Publisert 28.10.2015
Gunnar S.

Torsdag 29. oktober kl 19.00 opnar Høyanger Kunstlag utstillinga "Som piler i rommet" med verk av Høyangerkunstnaren Gunnar S. Gundersen.

 

 

 

PLAKAT (JPG, 210 kB)

Publisert 28.10.2015

Eigedomsskatt – varsel om allmenn 10-årstaksering/omtaksering 2016.

 

Publisert 14.10.2015
Turn

FORDELING AV LOKALE AKTIVITETSMIDLAR (LAM) 2015

I 2015 vert det fordelt 295 211 239,-  til lokale lag og foreiningar sitt arbeid for barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år).

 

Midlane skal bidra til auka idrettsaktivitet, deltaking og frivillig arbeid.

Publisert 12.10.2015
1NRK JuleLutt

Gå ikkje glipp av ei magisk og eksklusiv konsertoppleving den 18. november 2015 inne på Hydro Høyanger Metallverk sitt produksjonsområde!

Billettar kan kjøpast her

Publisert 06.10.2015
Lavik kyrkje.JPG

I løpet av siste veka har det vore fleire arrangement i samband med at at Lavik kyrkje feirar 150 år. Søndag vart det heile avslutta med jubileumsgudsteneste, bokslepp og jubileumsmiddag.   

Publisert 22.09.2015
Ylva

Ylva Seljenes er tilsett som biblioteksjef i Høyanger kommune fram til september 2016.

Ylva Seljenes er utdanna bibliotekar ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og har i tillegg ein mastergrad i norsk mellomalderhistorie. Ylva Seljenes kjem frå Stårheim i Eid kommune og er 28 år gamal. Ho er no på plass på biblioteket og gler seg til å vidareføre arbeidet etter Jorun Systad.

Stillinga ligg under tenesteområdet kultur og kommunikasjon, leia av kultursjef.

Ylva Seljenes kan treffast på:

telefon: 57711591 / 57711590

Publisert 14.09.2015
Musikalsk forsmak

Musikalsk forsmak startar oppatt for nye elevar i veke 38.

Høyanger Kulturskule har tilbod om musikalsk forsmak i Høyanger, Kyrkjebø og Vadheim.

Publisert 14.09.2015
Val 2015

På valgresultat.no vil prognosar og førebels resultat frå valet bli publisert kontinuerleg etter sperrefristen går ut i kveld kl. 21.00.  

Publisert 09.09.2015

Dei nye kaianlegga i Lavik og Oppedal vart offisielt opna tysdag 8. september 2015 av statssekretær Tom Cato Karlsen. Under opningssermonien var det talar, korpsmusikk og andre kulturelle innslag. I tillegg til statssekretæren var blant anna regionvegsjef Helge Eidsnes og Ordførar Petter Sortland til stades.

Publisert 31.08.2015
Legevakt 116117

Frå 1. september kan du ringe 116 117 (sekssifra tlf.nr.) for å komme til legevakta, same kvar i Noreg du oppheld deg.

 

Publisert 31.08.2015
Nytt bilde.png

Fredag 28. august vart det gjennomført skuleval ved Høyanger vidaregåande skule. Av 144 elevar vart det avgitt 140 stemmer, noko som gir ein deltakarprosent på 97,2%.

Publisert 06.08.2015
Val 2015

KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2015 

 

Publisert 21.07.2015
Val 2015

KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2015

Kunngjering om utlegging av manntalet

(vl § 2-6, § 2-7)

Publisert 03.07.2015
Helsenorge - logo

Våren 2015 fekk alle innbyggarane i Sogn og Fjordane ein kjernejournal. Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysningar som er spesielt viktig dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore før. Har du alvorlege sjukdommar eller allergiar, kan du snakke med fastlegen din og be han/ho om å legge dette inn i kjernejournalen din.

Publisert 02.07.2015
Ballbinge Kyrkjebø

Fristen for innsending av søknad om tilskot til anlegg for idrett fysisk aktivitet til fordeling i 2017 er 15. oktober 2016.


                         

Dette gjeld tilskot av spelemidlar til:

  • ordinære anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  • nærmiljøanlegg


Idrettsfunksjonell førehandsgodkjende planar og teikningar for anlegget skal følgje søknaden.
Spørsmål om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning rettast til Høyanger kommune
v/Plan og byggesak tlf. 577 11500.


Søknadene vert sett opp i to grupper; ordinære anlegg og nærmiljøanlegg.

Alle anlegg det vert søkt spelemidlar til må vere med i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.


Alle søknader skal sendast inn elektronisk frå søkjar til kommunen. Dette krev nøyaktig
utfylling av skjema før det vert vidaresendt til kommunen gjennom det elektroniske systemet.
Du finn søknadsskjema på www.idrettsanlegg.no På den sida finn du også lenkjer til
publikasjonar som er relevante i høve til søknadsprosessen.


Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til ungd-/idr.kons. Grete B. Ulvestad tlf.
577 11500 / 992 19384. 

Publisert 18.06.2015
Byggesak

Frå 1. juli vert byggjereglane endra og for ein del byggjetiltak kan du byggje utan å søkje kommunen om løyve.

Publisert 08.06.2015
11417769_10153700008275353_2177277361597824661_o.jpg

Eitt av hundre Drømmestipend vart torsdag 4.6.15 utdelt til Annika Beinnes under ein konsert på Vadheim Skule i regi av Høyanger Kulturskule og Vadheim Skulemusikk.

Her deltok skulemusikken og elevar i kulturskulen, samt Annika Beinnes akkompagnert av Harald Dahlstrøm. Drømmestipendet er eitt samarbeid mellom Norsk Kulturskuleråd og Norsk Tipping, der 100 stipend à kr 10 000 vert år vert delt ut. Kvar kommune kan nominere ein kandidat i inntil seks ulike kategoriar, etter søknad frå enkeltelevar, så vert utvelginga gjennomført av ein breidt samansett jury som plukkar ut dei hundre i heile landet som skal få Drømmestipend.

Publisert 26.05.2015
Prestemarkaregplanzoom

Prestemarka bustadområde inneheld 19 rimelige tomter mellom ca 550 m2 - 1100 m2.
Det er kommunal veg, vatn og kloakk fram til tomtegrensene.
Tomtene er lagt ut for sal omgåande. Ved vidare interesse, ta kontakt med Eigedomsmekling Sogn og Fjordane via deira heimeside eller via annonsa på Finn.no.

Publisert 21.05.2015
Val lister

Kunngjering av godkjende vallister til Kommunestyrevalet 2015 i Høyanger kommune. Valstyret i Høyanger har i møte 04.05.2015 godkjend følgjande 9 lister:

Publisert 29.04.2015
Frå Turnstemne 2012

I møte den 21. april vart 300 000 kulturkroner fordelte på lag og organisasjonar i kommunen. Det barn og unge som har størst prioritet, og aktivitetsnivået i laga står sentralt i vurderinga.

Kulturmidlane går til drift av lag og organisasjonar som driv kulturaktivitet i kommunen.

Publisert 11.03.2015
Byporten med Bytorget

Finurlig v/redaktør Stig Øvreås har i samarbeid med m.a. Høyanger kommune gjeve ut magasinet Eld, Kraft, Vatn - eit tverrsnitt av Høyanger. Her kan du lese saker som du kan kjenne deg igjen i, men kanskje og oppdage sider ved eigen heimstad som du ikkje kjente til.

 

For deg som ikkje er busett i kommunen, vil magasinet gje deg litt informasjon om kva som rører seg her i kommunen.

Eld, Kraft, Vatn har eit ørlite fokus på industristadjubileet til Høyanger i 2015, men det aller meste handlar om heilt andre tema frå vår vidstrakte kommune. Link til magasinet.

God lesnad!

Publisert 16.02.2015
Helsenorge - logo

1. mars får 760 000 innbyggjarane i til saman 67 kommunar i Vest-Noreg sin kjernejournal. Då kjem den på plass i heile Helse-Vest.

Publisert 21.01.2015
Trekket på Siplo

Utstyrssentralen er lokalisert i Høyanger Samfunnshus og vert drifta av avdeling for Ungdom og Fritid. Her kan du låne sports- og friluftsutstyr, gratis eller for ein rimeleg penge.

 
Vi har både skiutstyr for barn og ungdom, telt/lavvo, kokeutstyr, ryggsekkar m.m. til utlån.
 
Nærare informasjon om utsyrspakken finn du her
 
Publisert 23.12.2014
Julegateopning

 Høyanger kommune ønskjer alle ei god og fredfull jul og eit riktig godt og spennande nytt år.

Publisert 22.12.2014
Tilsette med 25 års tenestetid i Høyanger kommune

Under avslutningsmiddagen til kommunestyremøtet tysdag 16. desember var dei som har vore tilsette i Høyanger kommune i 25 år inviterte til middag og heidra for 25 års teneste.

 
 
Login for redigering