Kommunereforma - vidare prosess

kommunereform - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Høyanger vedtok 25. februar og 17. mars intensjonsavtalar med nabokommunane Balestrand og Hyllestad som grunnlag for rådgjevande folkerøysting. Grunnlaget for intensjonsavtalane er m.a. viktige moment framkome i rapportar frå Telemarksforsking.

Det blir rådgjevande folkerøysting i Høyanger kommune den 23. mai. Aldersgrensa for røysting er 16 år. Det skal røystast over følgjande spørsmål:

  1. Nei - Høyanger kommune skal vere som i dag.
  2. Ja - Høyanger kommune slår seg saman med Balestrand kommune.
  3. Ja - Høyanger kommune slår seg saman med Balestrand kommune og Hyllestad kommune.

I byrjinga av mai vil det bli sendt ut brosjyre til alle husstandar i kommunen om kommunereforma og korleis folkerøystinga blir gjennomført (PDF, 3 MB).

Kommunestyret vil ta endeleg stilling til spørsmålet i møtet 16. juni.

Les rapporten frå Telemarksforsking (PDF, 4 MB).

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 24.05.2016 av Jorunn Flæthe
Kommunereform
Publisert 23.05.2016
Kommunreforma

Endelege resultat frå den rådgivande folkerøystinga om kommunereforma er no klare!

 

 

 

Publisert 23.05.2016
kommunereform.jpg

Oppteljing og resultat av forhåndsrøyster Høyanger kommune 23.05.2016.

Publisert 13.05.2016
kommunereform.jpg

Telemarksforsking har på oppdrag frå Høyanger kommune utarbeidd ei kortfatta samanstilling av fordelar og ulemper med at Høyanger kommune held fram som eigen kommune. Analysane og vurderingane er knytt til økonomi, tenester, samfunnsutvikling og demokrati. Datamaterialet som Telemarksforsking har nytta er i stor grad basert på offentleg tilgjengeleg statistikk og tidlegare utgreiingar av ulike kommunestrukturalternativ der Høyanger er med.

Publisert 12.05.2016
Kommunreforma

For å røyste må du stå i manntalet i Høyanger kommune. Manntalet ligg ute i resepsjonen i Høyanger rådhus.

Publisert 29.04.2016
Kommunereform Sogn.jpg

Telemarksforsking har fått i oppdrag frå Sogn regionråd å greie ut alternative kommunestrukturmodellar i regionen. Hovuddelen av utgreiingsarbeidet er utført våren og hausten 2015.

 
 
Login for redigering