Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

Koronatesting

Bør du testast?

Helsetenesta følgjer Folkehelseinstituttet sine kriterie for kven som skal testast for koronavirus. Alle som sjølve mistenkjer at dei er smitta av covid-19, har høve til å teste seg. Vi tilrår testing dersom:

  • Du har nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19 (feber, hoste, tungpust, tap av smak- eller luktesans eller sår hals).
  • Du har vore i nærkontakt med covid-19 smitta
  • Du har vore på reise til land med høg førekomst av smitte («raude område») dei siste 10 dagane. Her er FHI’s oppdaterte oversikt over land og områder med høg smittespreiing.
  • Du er tilsett i helsetenesta, og har vore på reise i utlandet (gjeld alle land)

Testing av personar utan symptom kan vere aktuelt. Les meir på fhi.no om testing av asymptomatiske personar.

Barn under 10 år med lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå det an og haldast heime eit par dagar før testing. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, treng ikke å haldast heime eller testast.
Les mer om testkriterier for koronavirus på FHI.no

Stadfesting av time
Du kan bestille tid her på nettsida til neste arbeidsdag og påfølgjande 14 dagar. Møt opp i god tid, alle blir testa fortløpande etter kø ordning. Dersom du ønskjer time i dag, kan du ringe og tinge på telefon 577 13 900, før kl 10:30. 

Kor føregår testen? 

Storgata 3 (parkeringsplass ved Gulebygget Hydro), 6993 Høyanger

 

Test for covid-19 ved legevakt i Førde på helg og heilagdagar

Teststasjonen ved legevakt SYS-IKL er open for ordinær testing alle dagar utan julafta, 1. juledag, nyttårsaftan og 1. nyttårsdag. Dei som er så sjuke at dei må til legevakt, får testa seg på legevakt.

Alle andre held seg heime og testar seg når det er ledig time for testing av korona. Du kan tinge time for test på Høyanger si heimeside på kvardagar, og på Sunnfjord kommune si heimeside for time ved legevakt i Førde på dei andre raude dagane enn nemnt i tekst over.

Nøkkelinformasjon

Pris

Gratis (med einskilde unnatak) Dersom du ikkje møter, må du betale eigenandel på 117 kr.