- praktisk hjelp
- tryggleikstiltak
- sjukepleie
Når du søker om helse- og omsorgstenester er det Tiltaksteamet som behandlar søknaden. Vi tar kontakt med deg om vi ønsker ein samtale for å finne ut av ditt hjelpebehov. Det er viktig at du samtykker til innhenting av naudsynt informasjon.
Fullmaktskjema må fyllast ut om ikkje søknaden er utfylt av søkar.
Vi har desse tenestene (jamfør helse- og omsorgstenestelova):
heimesjukepleiepsykisk helsehjelpheimehjelp (praktisk bistand
betalingsteneste )kvardagsrehabiliteringsjukeheimsplass, korttid- rehabilitering - langtid (betalingsteneste)avlastningstiltak (born/eldre)miljøarbeid (praktisk bistand/opplæring)støtte-/treningskontaktomsorgsstønad
Våre kommunale serviceytingar (ikkje lovpålagt, betalingsteneste)
- omsorgsbustad
- dagtilbod
- tryggleiksalarm
- velferdsteknologi
- middagslevering
Søkar kan kreve innsyn i kva informasjon som er registrert. Spørsmål om innsyn rettast til Tiltaksteamet.
Orientering om kostnader knytt til tenester du søker på
Opphald i sjukeheim:
Langtidsplass: nasjonale takstar etter inntekt.
Korttidsopphald og reahabilitering: døgnpris etter nasjonal fastsette takstar.
Dag/kveld/nattopphald: nasjonalt fastsett takst.
Middagslevering: betaling pr. middag, pris, kommunalt vedteke.
Tryggleiksalarm: månadsabonement, kommunalt vedtatt.
Dagsenterplass for eldre og demente: dagsats, kommunalt vedtatt.
Heimehjelp har ein timesats utrekna etter inntekt, kommualt vedtatt.
Faktura vert send etter at tenesta er gitt, og kjem ein gong i månaden.