Krisesenter

Alle kommunar er pålagde å gi eit tilbod om krisesenter for kvinner, barn og menn som opplever fysisk og psykisk vald eller truslar om vald. Du kan vere utsett for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, kone/mann, barn og barnebarn eller andre. Begge tilboda er gratis lavterskeltilbod, og for alle nasjonalitetar.

Du tek direkte kontakt og treng ikkje tilvising eller timeavtale. Krisesenteret svarer og kan gi råd på telefonen heile døgnet!

Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike avdelingar. Det blir gitt tilbod om midlertidig butilbod (aleine eller saman med born), hjelp og samtalar, og krisesenteret gir rådgivning på dagtid.

Om tilbodet

Krisesenteret i Sogn og Fjordande er eit tilbod til dei som er busett i fylket og gir 

  • dagtilbod - samtale, råd, veiledning, støtte og omsorg.
  • døgntilbud (for ei kortare periode). Vern og rådgivning, kontakt med naudsynt hjelpeapparat, støtte og omsorg, samtale.

Dagtilbodet er stasjonert i Sogndal og Stryn, medan døgntilbod er i Florø.

Dei som nyttar tenesta har krav på ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet. Kommunane skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane.

Lovverket

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Tilbodet skal etter lova omfatte:

a) eit gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod, og
b) eit gratis dagtilbod, og
c) eit heilårs og heildøgns tilbod der personar kan få råd og rettleiing per telefon, og
d) oppfølging i reetableringsfasen

Dine juridiske rettar (brosjyre frå Justisdepartemenetet).