Ledige stillingar

Ledige stillingar

Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er ein kraft-, industri- og jordbrukskommune i storslagen natur: fjell, fjord, vatn, elvar og skog.

Kommunen har ca 4200 innbyggarar, der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod i heile kommunen, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett, med både idrettsanlegg og badeanlegg som ligg sentralt i Høyanger tettstad/eigen symjehall i Lavik. Vi har gode kommunale tilbod innan kulturskule og bibliotekteneste, og i tillegg eit rikt aktivitetstilbod som vert gjeve av frivillige lag og organisasjonar.

Kan du tenkje deg ein jobb hos oss? Du er hjarteleg velkomen som jobbsøkjar. Tilsetjingar skjer i tråd med gjeldande lover, regelverk og tariffavtale. Det er pliktig medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse/Statens Pensjonskasse.

Framtidsfylket

Finn du ikkje ledig stilling hos oss, kan du følgje med på ledige stillingar i regionen via Framtidsfylket.

Publisert 13.09.2019
Høyanger legekontor

Høyanger kommune er med i prosjekt legevaktpilot og skal styrke sjukepleiarbemanninga. Sjukepleiarar ved institusjonar og heimesjukepleien vil få ei særskilt oppgåve med legevakt på ettermiddag kvardagar og dag/ettermiddag helg. Du får opplæring og kursing for legevakt oppgåver. Vil du være med på laget ?

Vi har ledige 4 heile stillingar med stasjonering Open omsorg/Høyanger sjukeheim.Arbeidsoppgåver er ordinære sjukepleieoppgåver men vil og være ein del av legevakpilot på ettermiddag i vekedagar og dag/ettermiddag helg og høgtid. Arbeidstid er turnus med arbeid 3 kvar helg.

 

 

Publisert 05.09.2019
Lavik skule

Lavik barnehage er godkjent for 36 plassar, og er samlokalisert med Lavik skule. Barnehagen ligg sentrumsnært i Lavik og har kort avstand til symjehall, fjøra, butikk o.a. Gode turmogelegheiter i nærleiken av barnehagen. I perioden frå snarast  – 29.02.20 er det ledig stilling som pedagogisk leiar  - vikariat. Stillingstorleik 40 % frå snarast. Kan auke opp mot 100 % i tida fram til 01.12.19. Frå denne datoen til 29.02.20 100 % stilling.

 

 

Publisert 01.06.2016

Vi søkjer etter personar som kan ta på seg oppdrag som støttekontakt til mennesker med ulike funksjonsvansker.