Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Høyanger kommune søkjer støttekontaktar

Vi søkjer etter personar som kan ta på seg oppdrag som støttekontakt til mennesker med ulike funksjonsvansker.

Kva må til for å bli støttekontakt

  • For å bli støttekontakt må du vere fyllt 18 år. Det er ei føremon med førarkort for bil, men det er ikkje påkrevd.

  • Du vil bli innkalla til samtale hos ein sakshandsamar som avgjer om du "passar" til den eller dei som treng støttekontakt.

  • Du har krav på rettleiing og oppfølgjing.

  • I rolla som støttekontakt skal det vektleggast kontakt og støtte på brukaren sine premisser og ønskjer. Det er vesentleg at støttekontakten kan hjelpe til med rådgjeving og tilrettelegging i sosiale samanhengar.

  • Det er støttekontakten sitt ansvar at kontakten med brukar og pårørande ber preg av tillit og respekt. Brukar må forplikte seg til å halde avtalar og gje beskjed ved endring.

  • Støttekontakten har teieplikt.

  • Det vert krevd politiattest for dei som er støttekontakt for mindreårige.

Støttekontaktressurs er eit tiltak for å hjelpe den einskilde til ei meiningsfull fritid, for eksempel sosialt samvær og deltaking i ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakt kan tildelast individuelt og i grupper, og vert også kalla for treningskontakt. Tenesta vert tildelt for ein avgrensa periode.

Dersom du vil bli støttekontakt, ta kontakt med koordinator for tenestetilbodet til funksjonshemma, Karoline Ynnesdal, tlf. 940 13 936, eller send søknad til Høyanger kommune, v/Tiltaktsteamet, postboks 159, 6991 Høyanger og send eventuelle attestar vedlagt søknaden.