Koordinerande sjukepleiar

Høyanger sjukeheim har 3 koordinerande sjukepleiarar og frå medio august har vi ledig 100% fast stilling. Arbeidstid : dagtid med 3.kvar helg. Stillinga som koordinerande sjukepleiar er å være eit bindeledd mellom avdelinga og leiinga, og  arbeidsoppgåver handlar om å sørge for dagleg oppfølging av tenestetilbodet.

 

Arbeidsoppgåver:

  • fokus på at den daglege drifta skal fungere, med utgangspunkt i pasient og tilgjengeleg personalressurs.
  • Innleige av vakter i  samarbeid med institusjonsleiar og fordele personalressursen på dei ulike vaktene.
  • Formidle viktige oppgåver/beskjeder ved vaktskiftet, og sørge for oppfølging frå legevisitt og tiltaksteam. Sette opp dagsplan for arbeidet som skal gjerast, og fordele arbeidsoppgåver til personalet ( arbeidsfordeling, ansvarsvakter, stell, administrere  medisinar osv)
  • halde oversikt over pasientar: fagleg og behandlingstiltak. Samarbeid med tiltaksteamet, lege, fysikalsk avdeling, sjukehus, pårørande og heimetenesta.
  • vere pådrivar for langrapport ein gang i veka med fagleg fokus på pasient og behandlingstiltak.    
  •  sørge for oppfølgjing av individuelle planer for den einskilde pasient.
  • saman med leiinga undervise og veilede personale på avdelinga, og dermed bidra til å skape eit   godt fagmiljø.
  • vere pådrivar i høve fokus på og rapportering avvik.


Vi ynskjer søkjarar som har:

  • sjukepleiarutdanning. Føremon med relevant etter/vidareutdanning.
  • erfaring frå liknande arbeid
  • god kjennskap til data
  • evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • evne til fleksibilitet og ha gode samarbeidsevner
  • personlege eigenskapar vert vektlagt

Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.

Kontaktperson: institusjonsleiar Sonja Myrekrok 992 19 328

Søknadsfrist: 22.06.19


Søknad via vårt søknaddsenter. Merk søknad sak 19/516