Det å kome seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa. Difor lanserer Norsk Friluftsliv kampanjen #1omdagen, der det norske folk blir oppfordra til å kome seg ut av døra minst ein gong om dagen.
Kvifor #1omdagen?
Norsk Friluftsliv har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å bidra til å inspirera det norske folk til å kome seg ut i naturen, som eit grep for å ivareta den psykiske og fysiske helsa under koronapandemien. For mange er dei vanlege grunnane til å kome seg ut no forsvunnen, når ein ikkje lengre reiser til jobb eller på besøk til venar, til fritidsaktivitetar og liknande.
Vi ønskjer å minne om at sjølv om mykje no er stengt, er naturen framleis er open – og håpar at hugseregelen #1omdagen kan gje mange ein ny grunn og motivasjon til å koma seg ut. Forsking visar at berre 10 minutt i grøne omgjevnader senker stressnivået, og gjer at vi føler oss betre.
Fotograf @friluftsflokken, Instagram.