Koronavirus - Covid 19

Status 09.04.2021: Ingen nye påvist smitta. Vi har framleis ein påvist smitta som sit i isolasjon. 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 
Nyhende
Publisert 05.02.2021

Beredskapsleiinga, i samråd med kommuneoverlegen, tilrår at det lokalt i Høyanger kommune opnast for fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år, frå og med 8. februar 2021.

  • Vi oppmodar om at ein ikkje kryssar kommune-grenser for å delta i aktivitetar.
  • Ved lokalt smitteutbrot vil det igjen kunne stengast på kort varsel.
Publisert 29.01.2021
NAV-logo

Er du permittert eller utan arbeid og har ikkje fullført vidaregåande opplæring? No får du sjansen til å skaffe deg vitnemål eller fagbrev gratis.

Publisert 19.01.2021

Kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Indrebø, har sin siste arbeidsdag i Høyanger kommune i dag. 
Indrebø har vore tilsett hos oss sidan 2018 og skal no starte i jobb hos Helse Førde. 
Vi takkar for innsatsen i dei åra Ingunn Indrebø har vore her og ønskjer ho lukke til vidare! 

 

Publisert 13.01.2021

Det å kome seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa. Difor lanserer Norsk Friluftsliv kampanjen #1omdagen, der det norske folk blir oppfordra til å kome seg ut av døra minst ein gong om dagen.

 

Kvifor #1omdagen?

Norsk Friluftsliv har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å bidra til å inspirera det norske folk til å kome seg ut i naturen, som eit grep for å ivareta den psykiske og fysiske helsa under koronapandemien. For mange er dei vanlege grunnane til å kome seg ut no forsvunnen, når ein ikkje lengre reiser til jobb eller på besøk til venar, til fritidsaktivitetar og liknande.

Vi ønskjer å minne om at sjølv om mykje no er stengt, er naturen framleis er open – og håpar at hugseregelen #1omdagen kan gje mange ein ny grunn og motivasjon til å koma seg ut. Forsking visar at berre 10 minutt i grøne omgjevnader senker stressnivået, og gjer at vi føler oss betre.

Fotograf @friluftsflokken, Instagram. 

Publisert 13.01.2021

Vi satsar på å starte med vaksinering i slutten av januar månad. Det er dei over 75 år som er heimebuande eller bur i omsorgsbustad, som først får tilbod om vaksinering. I samband med dette sender vi ut informasjonsbrev til alle i løpet av veka. Dersom du ikkje mottek brevet kan du også finne det på sida her.

Publisert 04.01.2021

Kommunen har hatt møte med bakgrunn i FHI sine smitteverntiltak som vart publisert 03.01.2021, og i samsvar med dette gjort følgande tiltak, gjeldande til 18.01.2021:

Publisert 22.12.2020


Visuelle kunstfag

Kulturskulen startar opp tilbod innan visuelle kunstfag frå 8.klassetrinn i Høyanger måndag 11.januar.

Dette er for heile kommunen. Vi set opp transport frå Lavik ved behov. Avreise frå Lavik kl. 1630. Kom å prøv!

Hugs å melde deg på til kulturskulerektor Beate Kjølstad tlf.: 99219371 el. beate.kjolstad@hoyanger.kommune.no

 

 

Publisert 09.12.2020

Tomannsbustad med to like speilvende husvære. Alt er på eitt plan. Begge husværa inneheld vindfang, gang, stove/kjøkken, bad/vaskerom, soverom, bod og utvendig bod. Det er kryploft som kan nyttast til lagring om ein legg golv. Kvart husvære har altan med nedgang til felles hage. Det er separate inngangar.

Ta kontakt med Stine Baumann tlf. 902 06 628 for å avtale visning.

Publisert 07.12.2020

Fredag 4.12.20 hadde Høyanger kulturskule sin tradisjonelle adventskonsert i Høyanger kyrkje. Ein stemingsfull og god konsert med ein del av elevane frå Høyanger, innanfor smittevernvennlege rammer.

Publisert 03.12.2020

Etter råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa kome med følgande tiltak for jul og nyttår. Oppmodinga gjeld for heile landet og i kommunar med stort smittetrykk kan det vere strengare reglar for tal gjestar og kontaktar. Følg difor godt med på informasjon der du bur: