Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 
Nyhende
Publisert 20.10.2016

Det er mogleg å få dekka ein stor del av kostnaden ved rehabilitering av ballbinge gjennom spelemiddelordningar. Ein er no i siste året der ein og kan få 10 000 kr i støtte frå Sparebankstiftinga til utskifting av kunstgras i bingen.

Publisert 12.10.2016

Høyanger kommune har framleis SMIL - midlar at for 2016. Dersom du er aktiv gardsbrukar (søkjer produksjonstilskot) tak gjerne kontakt med Jordbrukssjef Randi Dale for å drøfte aktuelle prosjekt.

Publisert 30.09.2016
Trym Høyvik (13) klipte snora

Torsdag 29. september vart Tufteparken Høyanger offisielt opna. Mykje folk hadde trassa ver og vind, og teke turen til Høyangerhallen. Ordførar Petter Sortland stod for den offisielle opninga, og han fekk hjelp av Trym Høyvik (13) med snorklippinga.

Sortland takka Sparebanken Sogn og Fjordane for tilskot til anlegget gjennom Sparebankstiftinga. May-Lisbeth Svarstad frå sparebanken og grunnleggjaren av Tufteparken, Lasse Tufte, fekk blomar og eit eksemplar kvar av allmensoga; "Vatnet, verket og byen Høyanger 100 år 1915 - 2015".

Ei spesiell takk gjekk også til TIP klassen ved Høyanger vidaregåande skule, og lærar Kai Ove Nesse. Dei tok på seg dugnadsjobben med å montere alle apparata, og har gjort ein kjempejobb. Han takka også alle dei andre som har vore med i arbeidet med å få etablert dette anlegget i Høyanger.

Publisert 28.09.2016

Marte Kristine N. Grønvold skal  i regi av Høyanger Kulturskule, halde kurs i bandsamspel, gitar og song denne hausten. Marte har sjølv vore elev i Høyanger kulturskule, har spelt i ulike band og samansetningar i ulike sjangrar og studerer til ein mastergrad i musikkpedagogikk – ho har mykje å lære bort, så dette gler vi oss veldig til.

Alder: frå og med 5. klassetrinn. Du treng ikkje ha nokre forkunnskapar for å delta – «har du lyst, har du lov.» Første gongen vert ein kombinasjon av oppstartsmøte, vi set saman grupper og har litt undervisning.

Kor tid: torsdag eller fredag ein gong i månaden, datoane får du fyrste gongen.

Fyrste gong: torsdag 06.10.16 kl. 1800 - 1930.

Stad: Høyanger Skule, musikkrommet.

Pris pr. halvår: kr 800  - Kom og prøv den første gongen gratis!

 

Søknadsfrist 21.oktober via heimesida til kommunen 

Publisert 16.09.2016

Høyanger kulturskule er ein av dei 51 kommunane som denne veka hadde samling med Veilederkorpset til Norsk kulturskoleråd på Gardermoen. Mykje spanande no når vi startar implementeringa av den nye rammeplanen for kulturskulane. 

Rammeplan for kulturskulane

Publisert 22.08.2016

Ein flott dag med fokus på vennskap.
Torsdag 18. august hadde Lavik skule fjell- og aktivitetsdag for alle elevar. 

 

 

Publisert 08.07.2016
6. juli 2016

Tufteparken Høyanger er no så og seie klar til bruk, og kun finpuss gjenstår.

Parken er på totalt på 380 kvadratmeter, og inneheld 10 apparat i stål laga slik at ein trenar med si eiga kroppsvekt. Ei stor oppslagstavle vil vise alle øvingane ein kan gjere i dei enkelte apparata. Trening her vil kombinere både styrke, koordinasjon og balanse.

Det er mange som no gledar seg til å ta i bruk apparata, og mange har allereie vore og testa dei ut.

Det er Lasse Tufte som er grunnleggar av konseptet Tufteparken,  og det er no om lag 80 slike parkar rundt om i landet.

Det er Høyanger kommune som står som utbyggjar av parken. I tillegg til kommunal løyving, vert parken finansiert gjennom spelemiddelordninga og tilskot på kr 250 000 frå Sparebankstiftinga.

 

 

 

Publisert 27.06.2016

Vi i Olderdalen barnehage deltok i mai i ein teiknekonkurranse i regi av Stabburet.
Jammen var vi så heldige at vi vart trekt ut som ein av vinnerane.

Premien var pålegg frå Stabburet til ein verdi av 3000.

Publisert 23.05.2016

Endelege resultat frå den rådgivande folkerøystinga om kommunereforma er no klare!

 

 

 

Publisert 23.05.2016

Oppteljing og resultat av forhåndsrøyster Høyanger kommune 23.05.2016.