Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 
Nyhende
Publisert 15.04.2015

 

Publisert 15.04.2015

Publisert 15.04.2015

Publisert 11.03.2015

Finurlig v/redaktør Stig Øvreås har i samarbeid med m.a. Høyanger kommune gjeve ut magasinet Eld, Kraft, Vatn - eit tverrsnitt av Høyanger. Her kan du lese saker som du kan kjenne deg igjen i, men kanskje og oppdage sider ved eigen heimstad som du ikkje kjente til.

 

For deg som ikkje er busett i kommunen, vil magasinet gje deg litt informasjon om kva som rører seg her i kommunen.

Eld, Kraft, Vatn har eit ørlite fokus på industristadjubileet til Høyanger i 2015, men det aller meste handlar om heilt andre tema frå vår vidstrakte kommune. Link til magasinet.

God lesnad!

Publisert 05.03.2015

Ett av de flotteste utsiktspunktene over Sognefjorden er Blåfjellet, en mils vei sørvest for Vadheim. 

Turskildring frå ut.no

Publisert 21.01.2015

Utstyrssentralen er lokalisert i Høyanger Samfunnshus og vert drifta av avdeling for Ungdom og Fritid. Her kan du låne sports- og friluftsutstyr, gratis eller for ein rimeleg penge.

 
Vi har både skiutstyr for barn og ungdom, telt/lavvo, kokeutstyr, ryggsekkar m.m. til utlån.
 
Nærare informasjon om utsyrspakken finn du her
 
Publisert 22.12.2014

Under avslutningsmiddagen til kommunestyremøtet tysdag 16. desember var dei som har vore tilsette i Høyanger kommune i 25 år inviterte til middag og heidra for 25 års teneste.

Publisert 02.06.2014

 

Turen tek ca. 3t. og går frå 600 m.o.h.  til 981 m.o.h. på det høgaste. Hålandsnipa ligg på 821 m.o.h. Parkering ved bommen opp til Breiddalen.

Publisert 15.04.2014

Parkering ved Bjordal kyrkje. Gå kyrkjevegen til ende, fortsett over bøen til raudt hus. Der startar god sti på utsida av gjerdet.

Stigning opp til Vetlenova. Vidare er det bratt stigning til Storenova. Bjordal/Søreide IL har trimpostar på desse to stadane. Frå Storenova til Varden går stien i nye motbakkar i myrlendt terreng til målet er nådd. Varden er høgste punktet på Hestkamben (656 m.o.h.), og det er flott utsikt over Osland, Fuglsetfjorden, Bjordal og fjella rundt.

Tidsbruk t/r: 2-3 timar.

Publisert 19.06.2013

Turen startar på 200 moh, Systølen ligg på 588 moh. Tek ca. 3-4 timar.  Gå skogsvegen til ende, gå rett opp nokre meter og følg merka sti mot høgre.Turen er bratt opp skogsvegen, går så over til fin sti i skogen med svak stigning.

Siste delen av turen går lett på fjellet fram til Systølsvatnet. Fortsett på høgre side av vatnet, og bli belønna med vakker utsikt over fagre Systølen.

Ein fin familietur.