Arbeid på vassnettet - Høyanger sentrum

Høyanger - Klikk for stort bilete Grunna reparasjon av brot på hovudvassleidningen i Høyanger sentrum, vil det i dag, 29. juni 2018, bli utført spyling/reingjering av leidningsnettet. Vatnet vil difor i periodar kunne bli litt misfarga.

Dersom du opplever misfarga drikkevatn i springen, bør du la vatnet renne ei stund. Uttappinga bør helst skje frå kaldvasskran i kjellaren. Misfarginga vil normalt rette seg etter litt uttapping. Det er ikkje farleg å drikke vatnet.

Kontaktpersonar:

  • VA-ingeniør Høyanger kommune, mobil: 992 19 393
  • Vakttelefon Høyanger kommune, mobil: 992 19 401