Bassengtrening i Høyanger

Høyanger kommune startar opp att med bassengtrening på tysdagar kl. 14.00 - kl. 15.30, første samling vert tysdag 6. mars 2018.

Eldre i basseng - Klikk for stort bileteEldre i basseng

Dette er eit tilbod til deg over 60 år og som strevar med å vere fysisk aktiv eller der fysioterapeuten/legen rår til bassengtrening for å oppretthalde fysisk funkjson. Du må kunne klare deg sjølv eller ha med deg hjelp i garderobe og bad. Helsedirektoratet sine takstar gjeld, og prisen på pakken med vurdering kjem på om lag kr. 1.900,- pr. deltakar. Eigenandeltak 2 slår inn for dei som har frikort.

Tilvising/påmelding innan 14. februar 2018 til eining for fysikalsk medisin og rehabilitering, postboks 159, 6991 Høyanger. Lege eller fysioterapeut kan tilvise eller du melder deg på skriftleg. Hugs telefonnummeret ditt. Maks 15 deltakarar. Desse vil bli tilbydd plass etter kven fysioterapeuten og avdelinga meiner har størst behov etter ein individuell kartleggingssamtale.

For meir informasjon, kontakt einingsleiar Maria Gerd Borlaug, tlf. 992 19 337 eller fysioterapeutar, tlf. 992 19 340 eller 979 98 972.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 10.01.2018 av Anita Taftø
 
 
Login for redigering