Bassengtrening i Høyanger

Høyanger kommune startar opp att med bassengtrening på tysdagar kl. 14:00 - kl. 15:30. Første samling vert tysdag 19. september 2017.

Eldre i basseng - Klikk for stort bileteEldre i basseng

Det er for deg over 60 år og som strevar med å vere fysisk aktiv eller der fysioterapeuten/legen rår til bassengtrening for å oppretthalde fysisk funksjon. Du må kunne klare deg sjølv eller ha med deg hjelp i garderobe og bad. Prisen på pakken med vurdering kjem på om lag kr. 1.900,- pr. deltakar utan frikort. Helsedirektoratet sine takstar vert følgt.

Tilvising/påmelding innan 5. september 2017 til eining for fysikalsk medisin og rehabilitering, postboks 159, 6991 Høyanger. Lege eller fysioterapeut kan tilvise eller du melder deg på skriftleg. Hugs telefonnummeret ditt. Maks 15 deltakarar.

For meir informasjon kontakt einingsleiar Maria Gerd Borlaug, tlf. 992 19 337 eller fysioterapeutar, tlf. 992 19 340 / 979 98 972.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 11.08.2017 av Anita Taftø

Kontakt

bilde av personen: Maria Gerd Borlaug
Einingsleiar fysikalsk avd. Koordinerande eining

 

 
 
Login for redigering