Biblioteksjef

Byporten - Klikk for stort bilete Høyanger bibliotek består av hovudbiblioteket i Høyanger tettstad og 5 filialar lokalisert på begge sider av Sognefjorden. 3 av filialane er kombinasjonsbibliotek. Hovudbiblioteket er ope måndag – laurdag. Biblioteksjefen er stasjonert ved hovudbiblioteket. Totalt har biblioteket  3,7 stillingar.  Høyanger bibliotek søkjer no ny biblioteksjef i 100 % stilling frå 01.03.18 . 

 

 

 

Stillinga inngår i biblioteket sin vaktplan, inklusive laurdag- og ettermiddagsvakter.

Hovudoppgåver for stillinga:

  • Fagleg ansvar for bibliotektenesta i kommunen
  • Initiere og koordinere utviklingsprosjekt
  • Arbeidsleiing av personalet ved hovudbiblioteket og filialane

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent bibliotekfagleg utdanning
  • Yrkeserfaring som bibliotekar
  • Leiarerfaring
  • Vilje og evne til utvikling av biblioteket, herunder god digital kompetanse
  • Arrangement-kompetanse
  • Førarkort kl. B
     

Personlege eigenskapar

  • Kreativ, engasjert
  • løysingsorientert
  • gode samarbeidsevner

 

Løn etter avtale.

 

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Anita Nordheim,  tlf 959 22434

 

Søknad via vårt elektroniske søknadssenterMerk søknaden med sak 17/825.

 

SØKNADSFRIST: 31.12.17

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

 

Publisert av Hilde Sviggum. Sist endra 05.12.2017
 
 
Login for redigering