Bustadområde på Gamle skuleplassen i Vadheim

Klikk for stort bileteHøyanger kommune inviterer med dette open konkurranse der aktørar/utbyggjarar kan utarbeide framlegg til konsept og løysing for utvikling og utbygging av tomta på Gamle skuleplassen i Vadheim. Dei som leverer bidrag til kommunen deltek i konkurranse om å få kjøpe tomta til takst. Kriterie og vilkår for konkurransen er nærmare beskrive i invitasjon vedlagt nedanfor.   

Høyanger kommune står fritt til å velje utbyggjar, og konkurransen kjem ikkje inn under lov om offentleg anskaffelse. Høyanger kommune er i denne samanheng grunneigar med interesse av å selje den aktuelle tomta til den utbyggjaren ein vurderer til å ha det kvalitativt beste prosjektet, best gjennomføringsevne, samt framdriftsplan som legg opp til at tomta vert bygd ut innan akseptabel tidshorisont.

Om spørsmål ta kontakt med;

Leiar plan og forvaltning Jostein Nyland mob. 992 19 390
Kommuneplanleggar Synne Vefring mob. 992 19397
Ingeniør Asle Værøy mob. 99219393