Byggesakshandsamar

Høyanger - Klikk for stort bilete Tenesteområde plan og utvikling er organisert i to einingar, plan og forvaltning og drift og vedlikehald. Vi er lokalisert med arbeidsstad i moderne kontorlokale i det nyleg renoverte Høyanger rådhus.Tenesteområdet har stor aktivitet med mange spanande prosjekt på gang og vil vere involvert i fleire utviklingsprosjekt dei næraste åra. Arbeidsmiljøet er godt og vi vektlegg å arbeide i samansette tverrfaglege team. Vi ynskjer å styrke kompetansenivået innan byggesak, miljø og friluftsliv og har ledig 100% stilling som byggesakshandsamar.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Sakshandsaming byggesak, inklusive tilsyn
  • Stillinga vert tillagt andre arbeidsoppgåver innan Plan og forvaltning
  • Deltaking i prosjekt

Til stillinga ligg det innanfor samtlege fagfelt eit ansvar med omsyn til kundeoppfølging, rettleiing, samt å vere pådrivar for å oppnå vedtekne politiske mål.

 

Vi ynskjer søkjarar som har:

  • Minimum bachelor innafor eit elle fleire av følgjande fagfelt: Ingeniørutdanning innanfor bygg- og/eller anleggsfag/arealplanlegging/naturforvaltning/eigedomsforvaltning evt anna relevant utdanning
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne
  • Gode IT/IKT kunnskapar
  • Kjennskap til offfentleg forvaltning og bruk av geografisk informasjonssystem og relevante programvare
  • Kunnskap om relevant lovverk (Plan og bygningslova, TEK 17, naturmangfaldslova og ureiningslova)

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt (evna til samarbeid, kommunikasjon, evne til å ta avgjerder og stå ved dei).

Manglande relevant utdanning kan kompenserast med relevant erfaring/praksis

 

Vi kan tilby:

Gode pensjons- og forsikringsvilkår. Kommunen er hjelpsam med å skaffe kommunal bustad.

Kontaktpersonar:

Dersom du ynskjer fleire opplysningar ta gjerne kontakt med leiar tenesteeining plan og forvaltning Jostein Nyland tlf

57 71 15 31/992 19 390.

 

Elektronisk søknad på vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknad sak 18/294

Søknadsfrist: 22.05.18