Dagsturhytta på Synken skal namngjevast - har du forslag?

Kva skal den nye dagsturhytta hete_ Send inn forslag!.jpg - Klikk for stort bilete

 

Hausten 2018 kjem det ei ny dagsturhytte på Synken i Høyangerfjellet, som er eit samarbeid mellom kommunen, fylkeskommunen og Sparebanksstiftinga. I anledning dette, treng hytta eit passande namn, og her er kommunens innbyggjarar inviterte til å komme med forslag! Det er ope for at enkeltpersonar, gruppar, lag og organisasjonar, og andre kan sende inn forslag. Skriv da gjerne inn namnet på gruppa. Frist for innmelding av forslag er 19. januar.

Ut i frå forslaga vil det bli valt ut 3 namn av Utval for Kultur, som så blir publisert og det blir ope avstemning via heimesida, Facebook og på Høyanger Bibliotek. For dei som ikkje har høve til å stemme gjennom disse kanalane, ta kontakt med Maria B. Petersen på telefon, så finn vi ei løysing. Namnet som vinn avstemninga blir publisert 1. februar 2018.

Vi håpar på mange gode forslag!

For å sende inn namneforslag, klikk her. Det er høve for å sende inn fleire forslag.

Dagsturhytte-prosjektet er organisert gjennom fylkeskommunen, og i løpet av dei neste åra vil det komme like dagsturhytter i alle kommuner i Sogn og Fjordane. Hytta skal vere ope for alle, og fremme kultur og friluftsliv. Hytta er enkelt utforma, med høve til å sitte inne og ute.

Les meir her: http://www.sfj.no/dagsturhytta.430892.nn.html