Etter råd frå FHI tilbyr vi 4. dose koronavaksine til personar med immunsvikt og personar over 80 år som ikkje har gjennomgått koronasjukdom.
Personar over 80 år kan tidlegast få 4. dose koronavaksine fire månadar etter oppfriskingsdosen. Er du i målgruppa og ønsker å ta 4. dose koronavaksine må du sjølv ta kontakt, for å få time til vaksinasjon.
Timebestilling til 4. dose koronavaksine kan du gjere torsdagar og fredagar mellom kl. 10:00 og 14:00 på telefon 99 21 93 98.
Publisert10.05.2022 10.57