Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Drifta av legekontora i Høyanger kommune

Grunna koronasituasjonen er det redusert drift ved alle legekontora i Høyanger kommune. Høyanger legekontor - Klikk for stort bilete 

For utekontora i Lavik og på Sørsida gjeld følgjande for mai 2020:

Legekontoret i Lavik har ope måndag og torsdag

Lege er tilstades kvar måndag og sjukepleiar er på kontoret måndag og torsdag.

  • måndag 4. mai: lege og sjukepleiar er på kontoret
  • torsdag 7. mai: sjukepleiar er på kontoret
  • måndag 11. mai: lege og sjukepleiar er på kontoret
  • torsdag 14. mai: sjukepleiar er på kontoret
  • måndag 18. mai: lege og sjukepleiar er på kontoret
  • torsdag 21. mai: stengt, grunna raud dag
  • måndag 25. mai: lege og sjukepleiar er på kontoret
  • torsdag 28. mai: sjukepleiar er på kontoret

Legekontoret på Sørsida er ope kvar tysdag

Lege er tilstades anna kvar tysdag og sjukepleiar er på kontoret kvar tysdag.

  • tysdag 5. mai: sjukepleiar er på kontoret
  • tysdag 12. mai: lege og sjukepleiar er på kontoret
  • tysdag 19. mai: sjukepleiar er på kontoret
  • tysdag 26. mai: lege og sjukepleiar er på kontoret

Vi gjer merksam på at pasientar med akutte luftvegssymptom ikkje kan oppsøkje utekontora.

Alle skal på førehand ta kontakt på tlf. Høyanger: 57713900, Lavik: 57714495 eller Sørsida: 57710233 for å verte vurdert for om ein kan møte opp ved eit av legekontora.

I Høyanger er det oppretta eigen luftvegsklinikk der alle pasientar med luftvegssymptom får tilsyn av lege.

 

Venleg helsing personalet ved legekontora i Høyanger, Lavik og på Sørsida