Koronavirus - Covid 19

Status pr 25.11.2020: 1 påvist smitta, pågår smittesporing og testing av nærkontaktar. Vi har også ein utanlandsk person som er påvist smitta og som oppheld seg i Høyanger kommune.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Eigedomsskatt – krav om taksering/omtaksering 2020

Klikk for stort bileteBrua mot KyrkjaEigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med lov om eigedomsskatt til kommunane, samt vedtekter godkjent av kommunestyret.

Omtaksering av ein eigedom skal skje dersom det i tida mellom dei allmenne takseringane ligg føre ein av dei følgjande grunnane:

a) eigedomen er delt

b) bygningar på eigedomen er rive eller øydelagt av brann eller liknande, eller

c) det er ført opp nye bygningar eller gjort monalege forandringar på eigedomen. Jfr. esktl §8a-3(5)
 

Krav om omtaksering må sendast Eigedomsskattekontoret innan 01.11.2020.

Taksering vil skje januar/februar 2021 .

 

Eigedomsskattekontoret