Koronavirus - Covid 19

Status, pr 22.10.2020: 1 påvist smitta, som er knytta til Havyard i Hyllestad. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Eit av av moglegheit - TV-aksjonen 2020

Klikk for stort bileteHavet er fantastisk. Det er lungene til jorda, og det har gjeve liv til alt levande på planeten vår. Men no er havet truga. Åtte millionar tonn plast hamnar i havet, kvart einaste år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Med konkrete tiltak der problema er størst skal årets TV-aksjon ta plastproblemet ved rota. Saman skal vi redusere plastutsleppa og ta vare på verdshava.

«Plast som hamnar i havet blir ikkje brote ned. Han deler seg opp og blir til mikroplast. Dyre- og fiskelivet får dermed plast i systema sine. Som konsekvens av dette får vi i oss plast gjennom maten vi et og lufta vi pustar inn. Gjennomsnittleg fem gram i veka – tilsvarande vekta av eit kredittkort», seier Fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Vestland, Marthe Jansen.

Klikk for stort bileteTV-aksjonen 2020 er tildelt WWF, og er øyremerka arbeidet dei gjer for å hindra at plast hamnar i verdshava. Midlane skal mellom anna gå til å etablere og betre avfallssystem, samle inn og resirkulere søppel, kutte bruken av unødvendig plast og gje ei opplæring til elevar og lærarar om konsekvensen av plast for helse og miljø.

Digitale bøsser

Vi er i eit annleis år, som krev annleis løysningar. Det er ein dugnad som pregar verda no,, og denne tek TV-aksjonen sjølvsagt del i. Vi har dermed bestemt at årets TV-aksjon blir med digitale bøsseberarar, og ikkje fysiske som går dør-til-dør slik vi er van til.

Ønskjer du som privatperson, lag og foreiningar å bli digital bøsseberar kan du melde deg på https://blimed.no/ Når registreringa er fullførd, vil du automatisk få ei ferdiglaga Spleis som er din digitale bøsse. Denne kan du gjøre meir personlig ved å endre namn og bilete om du ønskjer.

Frå 5.oktober blir bøssene aktive, og den digitale bøsseberaren deler bøssa si i nettverka sine, anten via sosiale medium, eller sender ein sms eller epost til kjente og kjære med oppmoding om å gje på bøssa. Les meir om digitale bøsseberarar her: https://blimed.no/dbb

Alle er invitert

Som tidlegare år ønskjer TV-aksjonen å invitere  alle i Noreg med på aksjonen. «Kommunar i helie Vestland er også i år med å bidra til at TV-aksjonen blir ein suksess. Det er engasjementet og arbeidet som blir gjort i kvar enkelt kommune som gjer at TV-aksjonen når fram til alle krinkel og krokar av fylket vårt. Denne frivillegheita er me like avhengig av i år som tidlegare år. Dette er nøkkelen til at TV-aksjonen er ein suksess», seier Jansen.

I samarbeid med Salaby har TV-aksjonen skapt eit eige undervisningsopplegg for grunnskolen - tilpassa læreplanen. Det er opp til kvar enkelt om ein vil bruke ein skuletime eller ei skuleveka på opplegget.

Næringslivet har også god tradisjon i å engasjere seg for TV-aksjonen. I 2019 samla næringslivet i Noreg inn om lag 32.5 millionar kroner til TV-aksjonen - fordelt på 5700 bidrag. Dei fleste av desse bidraga kjem inn via lokale ringedugnadar.

Lag, organisasjonar, idrett og trussamfunn er alle velkomne til å bidra til TV-aksjonen. For meir informasjon og gode idéar om korleis ein kan bidra, sjå  https://blimed.no/engasjer-deg/