Energiportal

Klikk for stort bileteHøge straumrekningar? Finn dei rette energitiltaka for din bustad med kommunen sin energiportal – Heilt gratis!

Mange opplev høge straumkostnadar for tida. Det kan lønne seg å installere energitiltak, som til dømes varmepumpe eller etterisolering av tak, for å få ned kostnadene.

Kommunen har ein gratis og objektiv energiportal som gir deg raskt svar på korleis energitiltak som passer i din individuelle bustad.

 

  1. Gå inn på energiportalen.no
  2. Tast inn adressa dia og definér storleiken på bustaden din.
  3. Kryss av for korleis oppvarmingskjelder som nyttast i bustaden i dag, kva standard bustaden har, og om du har gjort oppgraderinger.
  4. Definér tal personar i husholdninga og kor ofte/kor lenge hver person dusjer, og tal karbad pr uke.
  5. Du får dynamisk oppdatert dagens forbruk i husstanden din.
  6. Simulér deretter ulike energitiltak i bustaden din og sjå kva aktuelle tiltak du sparar mest energi og kostnadar på pr år. Vurdér dette opp mot innkjøpspris.
  7. For kvart tiltaksområde du simulerer, vil du får opp lokale leverandører som kan installere tiltaket. Be om tilbod frå til dømes tre av dine nærmaste leverandørar.
  8. Etter installasjon vil du sjå at strømkostnadane fell, gitt at du held samme nivå for varme og komfort.