Ferievikar - helse og omsorg

Høyanger  - Klikk for stort bilete

Høyanger kommune søkjer etter ferievikarar innan  institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim), open omsorg (Høyanger og Lavik. Søkjarar oppgje periode dei kan arbeide. Vi har størst behov for vikarar i juli og første del av august.  

Vi treng følgjande stillingsgrupper:

Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar og assistentar.

Minste alder er fylte 18 år. Søkjarar til open omsorg må ha førarkort klB.

Løn etter tariff - sjukepleiestudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.

Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • tidsrommet du kan arbeide og kvar du primært ønskjer å arbeide.
  • utdanning og evt. praksis
  • telefonnummer/mailadresse du kan treffast på

 

Kontaktpersonar:

Høyanger sjukeheim:            institusjonsleiar Sonja Myrekrok tlf. 992 19328

Kyrkjebø sjukeheim:              institusjonsleiar Oddny Sørestrand, tlf. 992 19361

Open omsorg Høyanger:       einingsleiar Oddveig Eide, tlf. 992 19305

Open omsorg Lavik:              einingsleiar Einar Hogrenning, tlf. 992 19324

 

Søknadsfrist: 23.april

 

Søknad via vårt søknadssenter - skjema "Søk sommarjobb". Merk søknad med sak 17/9.

 

Publisert av Kari Iren Birkeland. Sist endra 06.04.2017 av Kari Iren Birkeland
 
 
Login for redigering